LEIRVIK AS TALENTSKULE STORD FOTBALL

LEIRVIK AS TALENTSKULE STORD FOTBALL

 

  • For deg som ynskjer å trene meir
  • 2 økter per veke med utdanna trenarar (minimum UEFA C-LISENS) 
  • For gutar og jenter 10-15år

Morgontrening:
Måndag og fredag 0610(0630)-0750
Kull: 2005-2003

Ettermiddagstrening:
Måndag og onsdag 1400(1430)-1600
Kull: 2006-2008

Elevane trener to økter per veke,anten før skulestart eller etter. Skuleringsplan vert publisert før oppstart. 
Innhald på økter på talentskulen Oppvarming/koordinasjon - teknisk trening - pasningsspel - speløving

Deltakarane møter ved garderobebygget i forkant av kvar trening, deltakarar frå Rommetveit, Nordbygdo, Hystad vert henta etter skulen på ettermiddagsøktene, deltakarar på morgonøktene vert kjørt til skulen etter trening. Me arbeidar med å få til liknande ordning for deltakarar på Litlabø, Nysæther og tjødnalio skule.
Deltakarane får servert brødmat i forkant av treningane.

I desember, januar og februar har me mulighet til å trena inne i hallane på Vikahaugane

Trenarar frå oppstart hausten 2018 er Morten Tislevoll, Jon Pall Palmason, Jon Andre Røyrane og Robin Øvrevik 

Planlagt oppstart er  måndag 20. august. 

Pris:
kr 660,- per månad
Det vert eit tillegg på kr 50,- for deltakarar som ynskjer skyss

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScWqIU1_RbpXLNhJBpQNPQeZUbot-kzvg891TUmsEkNeVMhSA/viewform

spørmsål kan rettast til Robin Øvrevik; robin@stordfotball.no 97132355

 

Grasrotandelen

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift