Varegg FFO 2018-2019

Velkomen til Varegg FFO til hausten. Nytt skuleår tyder også ny FFO-sesong. Me tilbyr sunn mat, leksehjelp, fotball og anna moro. Opplegget er for dei frå 2-7.klasse.

Leksehjelp og mat
Elevane får ein god halvtime der dei har muligheita til å gjere lekser til dagane som kjem. I ein travel kvardag er det greitt å få gjort ein del lekser før aktivitetane på ettermiddagen byrjar. Deretter får dei servert brødmat med sunt pålegg.

Treninga
Og selfølgelig har me ei kvalitetsøkt med fotball på ca. 60 min der me legg stor vekt teknikktrening, disiplin og å ha det moro. Dei har veiledning av A-lag spelarar og andre trenarar med god erfaring.

Henting
For dei som går på Christi Krybbe Skole blir henta av ein instruktør, skrive av elevane på lista, før ein
tek buss opp til Mulebanen der me held til. For resten av skulane, går dei direkte til «det gule huset».

Opplegget ser ut som følger:

13.30 - 14.00 Komme seg til Mulebanen og så er det leksehjelp

14.00 - 14.15 Matservering

14.15 - 14.30 Klargjering for økta

14.30 - 15.30 Treningsøkt

15.30 - 16.00 Frukt og henting

Kor ofte kan dei gå? Pris?

For 2.klasse er det 1 dag i veka(måndag) Kr. 750,- pr. mnd.

For 3-4. klasse er det 2 dagar i veka(onsdag og fredag) Kr. 1.350,- pr. mnd.

For 5-7. klasse er det 2 dagar i veka(tysdag og torsdag) Kr. 1.350,- pr. mnd.

*opplegget er 2 dagar eller ingen dagar

Dagane er ikkje bestemt når dei forskjellige kan gå, men dette legg me best mulig til rette når me får sett på kampdag/treningsdag til dei forskjellige alderstrinna i forhold til antall påmeldingar.

Meld på til Christian ved å sende e-post til christiankjosas@gmail.com. Fristen er 15.august. Det er eit populært tilbod, så meld deg raskt på for å sikre deg ein plass på Varegg FFO! Melder ein seg på, så er det fom. 16.august.

Følg oss!

Støtt oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift