Turnering i Zambia med Mathopen drakter

Les mer om 16 fotballag, 6 lag i netball for 14 jentelag og 8 lag for gutter!

Kick out cholera tournament

Saturday 31.03.2018, Kalingalinga, Lusaka, Zambia

Sidan byrjinga av januar 2018 har eg vore i Zambia i det sørlige Afrika for å gjera feltarbeid i forbindelse med mi master oppgåve i internasjonal helse med fokus på abort tenester for unge jente. Det er på mange måtar eit vanskelig tema, kor eg møter mange triste skjebnar. Eg hadde difor eit ønske om å gjera noko kjekt under mitt opphald i Zambia og tok kontakt med venner og kjente for å høyre om dei hadde drakter dei kunne donere slik at eg kunne organisere ei idrettsturnering saman med mine tidligare idrettsfrivillige her i Zambia og ende til slutt opp med 180 drakter i ulike størrelsar og fargar.

Zambia har sia oktober 2017 hatt ein kolera epidemi, kor nær 6000 har blitt smitta og over 100 registrerte døde. Kolera er ein bakterie som finns i urein mat og vatn som fører til akutt diare, som enkelt kan førebyggast ved god handhygiene og tilgang på reint vatn. Likevel estimerar verdens helse organisasjon at 2,8 millionar menneske blir smitta årlig. Symptoma variera frå milde til alvorlige, og ein kan mista mellom 10 – 15 liter væske i døgnet. Kolera kan være dødelig og smitta skjer raskt om ein ikkje får behandling, spesielt når det bryt ut epidemiar i tett busette områder med dårlig sanitære forhold, som ofte er vanlig i storbyer i utviklingsland. På grunnlag av dette bestemte me oss for å kombinere turneringa med informasjons kampanje om kolera. Eg hadde vore innom helse departementet og fått masse plakatar og brosjyrar om kolera, som blei delt ut gjennom heile turneringa.

Det og skulle organisere turnering i Zambia er ikkje alltid like enkelt. Tid i Zambia kjem, den går ikkje, så det å holde avtalar er ikkje alltid enkelt. I tillegg stolar ikkje folk på kvarandre, så dagen me skulle lage oppsett for turneringa, måtte me vente i 2 timar på at alle var samla. Eg prøvde å foreslå at me kunne no trekke me som hadde kome, men fikk bere strenge blikk tilbake og måtte innfinne meg i å vente.

Eg var oppteken av at det minst skulle vera like mange jente som gutar, og vi enda difor opp med 14 jente lag og 8 lag for gutar. Vi hadde 16 lag i fotball og  6 lag i netball. Netball er ein idrett som er ei blanding mellom basketball og handball med 7 spillarar på kvart lag der ein scora mål ved å kaste ballen i ei korg som er noko mindre ein ei basket korg.

Dagen starta med kraftige regn, og av erfaring veit eg at folk i Zambia ikkje bevegar seg i regnet. Eg tenkte difor at det ikkje kom til å bli noko turnering. Men, trenarane hadde fått med seg at det var drakter i premie, så tre timar etter plana med opplett var turnering i gang.

Under turneringer eller konkurransar er alder alltid eit problem i Zambia. På aldersbestemte landslagsturneringar så finnes det knapt nokon i rett aldersgruppe, ein eg kjenner som spellar på U-20 landslaget i handball er sjølv 25 år, og alle veit hans alder, men ingen stiller spørsmål ved at han er med på U-20 laget. Eg var veldig bestemt på at dette skulle være ei turnering for ungdom under 14 år, då dei fleste draktene var for den aldersgruppa samt at det sjeldan blir organisert noko for denne aldersgruppa. Men sjølvsgat kom de fleste laga med mykje eldre ungdommar. Det blei etterkvart løyst med at før kvar kamp, så måtte alle laga stå på rekke, så blei dei vurdert utifrå høgde og sko størrelse om dei fekk spele eller ikkje. Det resulterte i at dei spelarane som først begynte turneringa var ikkje dei som spela semifinale og finale.

Etter kampane var det tid for utdeling av premiane. Då hadde me først ein liten helseprat med ungdommane om kolera og korleis det smittar. Ungdommane var veldig fornøyd med dagen og draktene, og eg har fått bilde frå nokon av trenarane i ettertid der draktene har vore i bruk! Eg vil på vegne av alle som deltok i turneringa takke for bidrage av shortsar, drakter og treningsbagar, de har alle fått seg nye fornøyde eigarar.

Gunhild

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift