Pengedryss og pizzakveld etter bossplukking

Dei fire Kvernbit-laga som stilte på Strandryddedagen i mai, er trekt ut som vinnarar av til saman kr 10 000 i Lerøy sin #Jegvilrydde-kampanje.

Strandryddedagen i Meland var prega av prominente gjestar. For forutan statsminister Erna Solberg, stilte nemleg Kvernbit mannsterkt med ivrige bossplukkarar frå laga J2011, G2008, J2008 og G2006.

Desse laga er trekt ut som vinnar av kr 10 000 i Lerøy sin #Jegvilrydde-kampanje. Gevinsten blir delt mellom desse fire laga, som dei kan nytte til eit sosialt arrangement. Les meir om #Jegvilrydde og dei andre vinnarane her.

G2006 (G12) var vidare det laget som stilte med flest spelar i høve til totalt tal på spelarar på laget, og vert med det lønna ytterlegare med ein pizzakveld. Vi takkar for innsatsen og gratulerer!

Grasrotandelen

Hovedsponsor

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift