Handballgruppa søkjer trenarar til sesongen 18/19

Sosialt, kjekt og spennande!

Handballen i Fitjar er i stor vekst og søkar difor fleire trenara til og opprettholde denne kjekke idrettsgrena. Handball kan by på mykje, blant anna kjekke turneringar og kampar. Ein blir del av Fitjar sin flotte handballfamilie, ein unik mulighet til og delta i eit sosialt miljø som gir god kontakt både med vaksne, ungdom og born. I handball er det mykje trivsel, hygge og ikkje minst spenning. 

Me er pr idag på jakt etter fleire trenarar til de yngre gruppene, samt hovedtrenar til damelaget vårt, sistnevnte er mest kritisk. 

Spørsmål eller interessert, kunne tenke deg og blitt ein del av handballfamilien vår? ta kontakt pr: 480 02 330 til leiar i håndball, Liljan V. Waage / liljanv.waage@gmail.com eventuelt: fitjar.idrettslag@gmail.com

NB: alle trenere må ha godkjent politiattest ihht trener rollen. Dette vil bli ordnet via idrettslaget.


 

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift