Ny merka tur til Djupvikhaugen

13. turmålet er no på plass med turkasse . Meir info finn du her.

Djupvikvatnet / Djupvikhaugen

Turstiprosjektet ynskjer å ha fleire tur alternativ. Vi har no merka tur til Djupvikhaugen. Dette er ein lavterskeltur med lett terreng å gå i men likvel ha følelsen av å gå på fjellet. 

Vi anbefalar at ein parkerar ved parkeringsplassen der forsamlingshuset i Myrvåg stod. Her går vegen lags Djupvikvatet 1,2 km før stien startar ved Halsen. Frå Halsen og opp er det ca 500 m. På toppen finn du turbok og ein får fin utsikt til Sunnmørsalpane, Myrvåg og Ulsteinvik. Du kan vele om du går same vegen ned att eller du fortsett (grøn og oransj på kartet) og kjem ned på stien som går til Rjåhornet/Huldrehornet. Fin sti her også, men siste delen kan vere litt vått når det er mykje nedbør. Skilt kjem på plass til hausten. Det er 2 parkeringsplassar like ved der stien startar (avmerka med P på kartet) Kart ligg også som vedlegg på sia her.

Du finn meir info og bilder frå turen på Facebookgruppa vår https://www.facebook.com/media/set/?set=oa.2001852736698061&type=3

Blå strek er vegen langs Djupvikvatnet. Dei andre er merka stiar.

Stien startar til høgre ved treet. Der den kvite bilen står er det mulig å parkere 2 bilar

Flott langs Djupvikvatnet

Utsikt mot Sunnmørsalpane

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift