Oppgradering av stien Stemmedalen - Rjåhornet

Vi har no gjort det tryggare å gå denne ruta. Du kan lese meir om dette her.

RUTE STEMMEDALEN - RJÅHORNET

Denne ruta er klassifisert som raud tur bl.a fordi eit lite parti på ca 25 m er i bratt terreng i smal rås og litt utfordrande å gå. Det har heile tida vore plan at vi skulle sikre dette området for å gjer det tryggare. Spesielt på nedover har nokre synes det det vore litt trasig. 

Med dei tiltaka vi no har gjort håper vi at dette gjer det tryggare å passere dette området.

Vi har bora inn teiner og hengt opp tau som ein kan halde seg i når ein går dette partiet. 

Denne ruta er eit godt alternativ til dei andre rutene til Rjåhornet. Ruta er ganske tørr, og ein har god utsikt. Siste delen kjem ein inn på stikrysset som går til dei andre merka turane frå Djupvika. Ein går også fobi Svensenhola på denne turen.

Du finn meir bilder og info om turen på Facebookgruppa vår https://www.facebook.com/media/set/?set=oa.1707455716137766&type=3

 

Rundtur frå Stemmedalen - Rjåhornet og via Huldrehornet og tilbake til Stemmedalen

Johnny i sving med å bore ned teiner

Øverste tauet og der det er brattast og smalast

Sette også opp eit tau den nederste delen då det kan vere litt sleipt og glatt her 

Hans testar tauet

Kan ikkje klage på utsikta på veg oppover - stikrysset nesten på toppen

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift