3v3 cup på Våge

I flott vårvèr på Våge Idrettsplass fekk 6-7 åringar frå Bømlo boltre seg på 4 små 3'ar banar.

3v3 cup er blitt ein tradisjon for dei aller yngste fotballspelarane våre. Sjølv om temperaturen ikkje er særs mykje å skryte av rett enno gjorde sola sitt til at det stort sett var fint på Våge, også for dei som stod på sidelinja for å heie fram sine håpefulle.

Det var ein upåklageleg innsats frå deltakarane, og det vart masse mål og jubel gjennom heile turneringa. Med masse tilskodarar vart det ei kjekk økt for både store og små.

Også kiosksalet gjekk unna, og ein måtte faktisk fylle på med meir varer for å stette etterspurnaden.

Det vert ny 3v3 Cup på Våge i mai. Me håpar å sjå deg då.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift