Før kampen Hasundgot-Tjørvåg

I morgon, onsdag 25.april, er det klart for kamp nr. 2 for Tjørvåg sitt A-lag. Denne gongen går turen til Hasundgot IL.

Hasundgot enda som nr 4 etter fjorårets sesong. Før denne sesongen har dei fått nye trenarar. I fylje nettsida deira består stallen av ei blanding av ´nokre rutinerte karar, samt ein del juniorar som trenar fast/jamleg med a-laget´. I oppkøyringa til sesongen vann dei 3 av 4 treningskampar. Vann gjorde dei også i seieopninga mot Bergsøy, 0-2.
Tjørvåg på si side tapte 3-0 mot Vanylven i si serieopning. Sjølv om vi møtte eit betre lag, var der fortsatt lyspunkt. Det var gledeleg å sjå igjen mange av spelarane frå førre sesong, i tillegg til dei nye spelarane av året. Med litt meir trening og samspel, kan dette bli veldig bra. Kjekt var det også at mange hadde møtt opp for å støtte karane.
Vi gler oss til kamp i morgon og håpar at mange kan kome å heie på Tjørvåg.

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift