Serieopning for A-laget

Torsdag 19.april kl. 19.00 ønskjer vi Vanylven FK velkomen til Tjørvåg stadion.

Vanylven FK er det nye namnet til laget som før heitte Åram/Van.Kam. Sist sesong rykte dei ned frå 5.divisjon. I oppkøyringa til denne sesongen har dei spelt 5 treningskampar der 3 har enda med siger. Tjørvåg på si side har ikkje spelt meir enn ein kamp. Gledeleg er det at vi har fått fleire nye spelarar denne sesongen. Alle har før spelt i Tjørvågdrakta. Ulrich Kurseth frå Hareid spelte på Tjørvåg for nokre sesongar tilbake, Mats Røys Knotten frå Bergsøy like så. I tillegg har Victor Pettersen kome frå Hødd. Han har spelt for Tjørvåg i aldersbestemte klasser. Dessutan er Tobias Sandvik og Erlend Gaustad tilbake etter ei pause. Med desse i tillegg til juniorane og grunnstamma på laget, ser vi fram til mange kjekke kampar.

Vi oppmodar alle om å møte opp og heie på karane.

Det vert open kiosk.

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift