Strålande ver når Skåla opp gjekk av stabelen søndag

Veldig kjekt å sjå at så mange tok turen både på Skåla opp og Søndagsmiddagen. Du kan lese meir her.

"SKÅLA OPP" -  REBUSLØP OG SØNDAGSMIDDAG

Ein kunne ikkje bli heldigare med veret, strålande sol og varmt, når fyrste  «Skåla opp» gjekk av stabelen i regi av Tjørvåg IL. Det var veldig kjekt å sjå at så mange kom og vart med på fjellturen og rebusløpet. Flest familiar med born på start, men også eit godt knippe andre.  40 born frå 0-16 var med på rebusen og totalt 82 startande frå Stokksund skule. Turen gjekk den merka løypa vår via «Rosinsteinen» som var mål nr 1. Alle gjennomførte heilt til Skåla. Sjølv dei minste borna  på 2-3 år sprang til topps (2,8 km t/r). Diverre gløymde vi å henge opp svara på rebusen så dei finn du lenger nede.

SØNDAGSMIDDAG

«Skåla opp» var eit samarbeid med Trimgruppa og Arrangement komiteen i Tjørvåg IL. Etter gjennomført fjelltur la mange turen innom søndagsmiddagen og fekk seg god laksemiddag, kaker og kaffi. Med det flotte veret var det mange som satt ute og kosa seg i sola.

Vi ser at dette var ein kjekk aktivitet både for store og små, så kanskje kan det kan bli ein tradisjon? Vi håper å få til eit liknande arrangement i Myrvåg seinare i år.

Trimgruppa hadde ikkje kunne arrangert "Skåla opp" utan gode sponsorar. Så takk til Kiwi Myrvåg, Sparebanken Møre og Herøy kino for fine premiar.

Vinnarane vart:

2 Kinobillettar – Nikolai L.Leine

2 Kinobillettar – Olve Abeltun

Kopp Sparebanken Møre – Aurora Hammerseth

Kopp Sparebanken Møre – Anton Warnes

Sekk Sparebanken Møre – Eirill Dalstrøm

Sitteunderlag og sykkeltrekk SBM – Eirik Sætre Liavåg

Sitteunderlag og sykkeltrekk SBM – Hanne Myrset Kvalsund

Kvikklunsj Kiwi Myrvåg – Markus R. Toftesund

Kvikklunsj Kiwi Myrvåg – Arian K. Hansen

Kiwisekk med tur snacks – Bjørn Sundgot (som også hadde bursdag)

GRATULERER!

Laksen var sponsa av Marine Harvest. Dei sponsa også ein laks som det var tippa vekta på. Vinnaren av denne vart: Guro Aksnes

Takk til alle, store og små for ein kjekke dag smiley

 

SVAR PÅ REBUSEN

For dei som lurte på kva svaret på rebusen var så kjem dei her:

  1. A - Sid
  2. C – Bringebær
  3. C - Kasper, Jesper og Jonatan
  4. A – Neymar
  5. A – 21 konglar
  6. B – Vindkraft, vannkraft og solenergi
  7. B – Blåkval
  8. B – 352 moh Sandvikhornet

Det var mange som hadde tippa B, 23 på konglane, og nokre hadde feil på Sandvikhornet, ellers  var det mange rette svar. Vi valte å trekke for deltakelse og ikkje rette svar.

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift