SØNDAGSMIDDAG OG SKÅLA OPP PÅ SØNDAG 15.04.18

Set av dagen til fjelltur og middag. Les meir her.

 

Søndag 15.04.18 arrangerer Tjørvåg IL og Trimgruppa Skåla opp med rebusløp for heile familien. Etterpå kan ein få kjøpt seg god Laksemiddag, kaker og kaffi mm på Stokksund skule frå kl 13:00-16:00. Loddsal

 

SKÅLA OPP MED REBUSLØP

Skåla opp startar med påmelding på Stokksund skule  kl 11:30-13:00.  Her vert det mogleg å vere med på rebusløp for heile familien. Vi har delt rebusen i 2 slik at om ein ikkje klarer å gå heilt opp så kan ein gå til «Rosinsteinen».

Premiering kl 15:00. Då trekker vi ut nokre som har delteke på rebusen og Skåla opp. (For å vere med på trekking må alle registrere seg før ein går og vere tilbake før kl 15:00.)

Premiar : Kiwi Myrvåg har sponsa ein sekk med diverse godbitar til tur, kino billettar sponsa av Herøy Kino, bl.a

Etter turen håper vi at alle teke turen innom skulen for 

SØNDAGSMIDDAG

Sal av Laksemiddag med tilbehehøyr. For dei som som ikkje ønsker laks vert det mogleg å få kjøpt pølse / mår. 

Kake og kaffi 

Loddsal

Tippe vekta på ein laks. Vinnaren får laksen i premie.

Laksen til middag og premie er sponsa av MARINE HARVEST

Trekking av premiar kl 15:00 både for lodd og Skåla opp / Rebusløp.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift