Bedre seint enn aldri med medaljeutdeling

Litt på etterskot vart det medaljeutdeling for Tjørvåg G16 sin 3. plass i Norway Cup 2016

TJØRVÅG G16 - NORWAY CUP 2016

Norway Cup 2016 vart siste for desse gutane under Tjørvåg IL. I semifinala, A-sluttspelet tapte dei knipent mot Ørsta etter ein heftig kamp som minna lite om fotball og Fair Play. Dette året hadde Norway Cup funne ut at premiering av bronsevinnarar var det slutt på. Etter mykje klager «ombestemte» dei seg og bronsevinnarane fekk tilsendt medaljane i posten.

Det er ikkje lett å samle ein gjeng aktive gutar, men i går lukkast det endeleg å samle nesten alle. Tilfeldigheitene skulle bli slik at fleire av gutane spelte treningskamp med Bergsøy rekrutt/junior nettopp mot Tjørvåg A-lag før dei samlast til medalje utdeling seinare på kvelden.

I tillegg til Tjørvåg spelarar hadde ein 2 lånespelarar, ein frå Volda og Ulsteinvik. Robert og Henrik vart lånt frå Moltu då dei hadde meld overgang dit før sesongen.

Desse gutane har lagt ned eit godt grunnlag i Tjørvåg IL frå dei var 6-7 år gamle. Seinare kom også fleire frå Moltu og Gurskøy.

I dag spelar 6 av desse gutane på A-lag og eller junior til Bergsøy. Dit hadde dei ikkje kome utan det  gode grunnlaget dei la ned i Tjørvåg IL desse åra, det gode samhaldet i laget, trenarar og foreldre.

18. april skal Bergsøy A-lag spele NM kamp mot Aafk på Havila Stadion. Kanskje blir det med ein eller fleire av desse i stallen?

Medalje overrekking nesten 2 år etter. 

Bak venstre: Tore, Håvard, Robert, Jens, Jørgen

Framme venstre: Henrik, Edvard-Berner, Edvard (Volda), Marius, Tobias

Eivind mangla. 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift