Påmeldinga til Midtfjellet halvmaraton / 5419 er klar

På sjølvaste sankthans, 23. juni klokka 1300 går årets vakraste eventyr av stabelen på Midtfjellet. 3 løp, halvmaraton, 5419 og minimaraton, alt på same stad til same tid.

På sjølvaste sankthans, 23. juni klokka 1300 går årets vakraste eventyr av stabelen på Midtfjellet. 
3 løp, halvmaraton, 5419 og minimaraton, alt på same stad til same tid. 

Ta med deg heile familien og delta i den klassen som passer deg best, eller berre for å oppleve den gode steminga og å la deg imponera over dei spreke deltakarane. 

Her er det utøvarar frå dei aller minste til dei sprekaste pensjonistane. 

Rundløypa med start og slutt ved Olstjørn er etterkvart blitt den mest nytta turløypa på Fitjar. Ikkje minst grunna den fantastiske naturen og utsikta du har heile vegen rundt. 

Bli med og lag god steming i fjellet før du tenner sankthansbålet på kvelden i strandkanten. 

For meir info, klikk deg inn her

For påmelding, klikk her

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift