Dugnad: Laurdag 07.04.2018 kl. 11:00

Me gjentek suksessen frå i fjor og lagar til ein dugnad rundt fotballbanen og i Solidhuset.

Som i fjor, håpar me at det blir ein kjekk familiedag. Det blei stor oppslutnad rundt dugnaden og me fekk gjort masse! Me serverar kaffi, saft, pølse i brød og vaffler. Det blir loddtrekking og kjekke premiar for alle frammøtte!

Oppgåvene er rydding, spyling, maling, vasking, bossplukking, kosting, grapsing, ryddding av kvistar,snikring og skruing. Me skal laga ei  stor trapp, skru på - Anti skli-  i tribunetrappene Me må òg klippa litt i buskar og kratt så ta med deg høveleg utstyr som t.d.

• sag
• høytrykkspylar
• spade og grapse
• spitt
• trillebår
• kost
• litt verktøy og arbeidshanskar
• greinesaks 

Dette blir sosialt og kjekt, samtidig som me får gjort nødvendig arbeid på anlegget vårt som ungane våre brukar fleire gonger i veka.

Me sjåast

Påmeldingslink Tine 2018

    25 - 29 Juni 2018

   Nysæter kunstgras

Samarbeidspartnere

Støtt ILSolid

Her er link til Idrettsfrukt

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift