Første trening - Solid fotball tilrettelagte lag

26 februar 2018 går inn i Solid's historie som en merkedag!

I dag kl 17.00 møtte 11 spelarar til si første trening på Solid fotball sitt tilrettelagte lag.

Tove og Christina frå inkluderingskomiteen til NFF Hordaland kom heilt frå Bergen for å leia denne første treningsøkta. Andre klubbar i Bergensområdet har også starta treningar for tilrettelagte lag - men ingen andre har hatt så mange som 11 på første trening.

Før treningsøkta starta fekk spelarane Solid-pledd og Solid-skjerf i gåve frå Solid fotball og frå fotballkrinsen fekk dei fotball og T-skjorte.

På treninga viste spelarane stor iver og entusiasme og alle syntes det var så kjekt at dei vil komma tilbake og trena meir neste mandag :-)

For alle som sto på sidelinja under treninga var det fantastisk å sjå så mykje smil og speleglede - det er nok mange som gler seg til å følge dette laget vidare!

Laget har allereie fått 4 trenarar (foreldre og søster) + Fredrik frå Solid sitt A-lag som blir med når han har anledning. Denne flotte gjengen av spelarar og foreldre blir heilhjarta ønskt velkommen i Solid - me er stolt og glad for den berikelsen dei tilfører klubben vår.

Bilde 1: Anders, Pernille (Christina)

 

Bilde 2: Tørres, Sondre, Kristoffer, Martina

 

Bilde 4: Mari, Pernille, Håkon, Anders

 

Bilde 5: Tørres, Silje, Martina

 

Les også mere på NFF Hordaland sin facebook side her...

Påmeldingslink Tine 2018

    25 - 29 Juni 2018

   Nysæter kunstgras

Samarbeidspartnere

Støtt ILSolid

Her er link til Idrettsfrukt

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift