Treningssamling med Niclas Lundmark 3.-4. mars

Turngruppa er stolt over at Nicklas Lundmark kjem til Sandane fyrste helga i mars for å halde trenarsamling for turntrenarane våre. Dette håper vi skal bli ei motiverande, lærerik og inspirerande samling. Har du meldt deg på?

Laurdag 3. mars er meint for trenarane for 6. klasse og oppover, her blir det  fokus på innlæring/vidareutvikling av moment med tilgjengeleg utstyr, styrke- og grunntrening, skadeførebygging og tips til seriar/moment i konkurranse (relatert til reglement for både junior og senior). For trenarane sin del tenkjer ein noko likt opplegg som for 1.-5.kl, men ein må her ta omsyn til at borna er større og dei fysiske utfordringane for trenarane vert difor annleis. 

Søndag 4. mars er samling for trenarane for 1.-5. klasse, her blir det fokus på innlæring av moment med det utstyret vi har tilgjengeleg og vidareutvikling av moment for utøverane, styrke- og grunntrening for dei yngste, grunnposisjonar og skadeførebygging. For trenare sin del ynskjer vi tips og vegleiing for innlæring/vidareutvikling av moment, tips til korleis legge opp ordinære treningar med barnegrupper der nivået er svært ulikt, vegleiing i korleis sjå etter riktig/feil utførelse av moment og andre problemstillingar ein kan møte på.

Niclas Lundmark frå Drøbak skal leie treningssamling Vårt ønske er at alle turntrenarane prøver å prioritere inn denne samlinga, for Niclas er proff når det kjem til slik kursing og har dreve med turn i Drøbak sitt turnmiljø i mange år.

 

 

Vi må også ha med turnarar!

Vi må også sjølvsagt ha med oss eindel turnarar begge desse dagane, slik at ein har nokon "å øve på"  Turnarane vil få melding om dette på sine parti. 

Dette er eit godt høve både for trenarar og turnarar å lære meir om turn, og øve inn nye moment!

Har du spørsmål, ta kontakt med Muriel Evebø (928 78 594) i turnstyret i STIL

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift