Vi treng nye folk i turnstyret!

Valnemnda til turnstyret er på leit etter nye styremedlemmar. Styret treng nye folk, og er i fyrste omgang på leit etter to nye styremedlemmar.

Styremedlemmane vert valde for to år om gangen skal fylle oppgåver som mellom anna matreal- og bekledningsansvar , samt at det er behov for nokon "som kan holde i trådar" i samband med arrangementa som høyrer heime i turngruppa (t.d basar, turnstemner og KM) . Turnstyret består av 6 medlemmar, så dei to nye kjem inn i eit styre saman med medlemmar som har vore med nokre år, og som kjenner dei ulike behova i turngruppa.

Vi håper det fins nokon der ute som kan tenke seg å ta på seg desse to verva, og som ynskjer å bidra til at vi framleis kan halde fram med å la turn vere eit attraktivt tilbod for barn og unge i kommunen vår. 

Vil du bidra, eller kjenner du nokon som kan passe til eit slikt "dugnadsprosjekt" - ta kontakt med valnemnda

Birger Vollstad: 952 65 624, eller 

Janne Therese Nes: 917 03 469

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift