Årsfesten vel gjennomført!!

Laurdag 27.januar gjekk årets STIL-fest av stabelen! Tradisjonen tru hadde AU laga til eit program som innheldt både idrett og musikk,med apell og med uttdeling av prisar for idrettsåret 2017.

Mads Wie knytte det heile saman på ein framifrå måte,som konfransier.  Både handballgruppa og turngruppa fekk vise fram  litt av de dei held på med gjennom sesongen.

Musikkinnslaga var det STILarane  Rebekka Norevik og Gunhild Nesgård som sto for.Rebekka imponerte, som alltid, på instrumentet marimba,og Gunhild trakterte celloen på ein framifrå måte. Talentfulle jenter både på idrettsbana og i musikken.

Appelant,næringssjef Knut Roger Nesdal,snakka om kor viktig dugnadsanda er for å få til levande bygdelag,og skape gode tilbod til innbyggarane.Og med det kunne være ein attraktiv stad å flytte til.

Leiar i STIL ,Beate Dybendal Norevik, delte ut prisar med stødig hand.

Prisane for 2017 vart:

Årets trenar: Jon Slagstad  turn

Årest utøvar: Håkon Hjelle Roset   friidrett

Årets eldsjel: Espen Aagård            fotball

Årets tilretteleggar (2vinnarar):  Jostein Hansen       trim

                                                   Svein Kristiansen    AU/fotball

Årets STIL-igaste par:     Anne Elise Gloppestad Solberg  og Jo Inge Solberg        turn/handball/fotball     

SFE stimulansepris  kr.1000,-    Håvard Hetle      fotball

Gratulerer igjen til årets prisvinnarar!!

Etter programmet var det eit yrande liv i Trivselshagen,både på discotek,i play station-rom,ved bordtennisbordet og i teiknekroken.Noko for ei  kvar interesse. Æresmedlemmane vart gjort litt ekstra stas på med servering av bløtkakeog kringle,medan det for andre var høve til å handle sjokoladekake og pizza  m.m.i kiosken.

Takk til vertskapet i Trivselshagen,dvs.Ola Tarjai,og til alle de andre som har planlagt ,og hjelpt til med gjenomføringa av Årsfesten!

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift