Vinnarar Fjelltrim 2017

Då er det klart kven som er vinnarar av trimgruppa sin fjelltrim for 2017. Vi ber om at de teke kontakt for henting av gevinst.

 

Trimgruppa har trekt ein vinnar på kvar topp. I tillegg har vi trekt ein ekstra premie på den toppen i kvar bygd som har mest «innskrivne». I Tjørvåg er dette Skåla, medan i Myrvåg vart det i 2017 ein ny topp, Rjåhornet.

Totalt 12 turbøker har vore ute i 2017. 3 av desse var med under årets «Herøy 10 på topp».

Pga dårleg ver i haust fekk vi problem med å lese av alle toppane før nyttår, derfor vart vi litt forseinka med premieringa for 2017.

Det er kjekt å sjå så at mange vel å gå tur i dei merka løypene våra. Vel 8000 har skrevet seg inn i 2017. Dette er noko lågare enn 2016. Vi veit at ikkje alle skriv seg inn i bøkene, og at dårleg ver påverkar dette. Med ein heller våtsam haust så merkast det at folk ikkje er like ivrige å gå på fjellet. Kor mange av toppane som er med i «Herøy 10 på topp» gjer også utslag.

Vi håper 2018 blir eit flott turår!!

Trimgruppa gratulerar alle vinnarane, og ber om at de teke kontakt for å hente gevinst.

Elin mobil: 918 52 534

 

Takk til Nordea, G-Sport Fosnavåg og Intersport i Ulsteinvik for gevinstar.

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift