Turnbasar 7. april

Stil Turn inviterer til den tradisjonelle Turnbasaren i Firdahallen laurdag 7. april. Alle er hjertelig velkomne til god basarstemning og flotte oppvisningar frå dei flinke turnarane våre!

No startar vi arbeidet  med å planlegge basaren. Det vil bli sett opp dugnadslister, og foreldre av turnarar må rekne med å bli sett opp på ulike arbeidsoppgåver i samband med dette arrangementet. Vi treng også fine vinstar, og set pris på alle bidrag vi kan få inn! 

I veka før basardagen skal mange turnarar frå STIL rundt for å selge lodd til hovudlotteriet ved dørene!. Vi håpar de tek godt i mot turnarane våre, og set sjølvsagt stor pris på om de vil støtte oss og arbeidet som vert lagt ned i Turngruppa ved å kjøpe lodd!

Set kryss i kalendaren 7. april - vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift