Over 30 påmeldte på Varegg FFO

På berre éi veke har vi fått 30 påmeldingar til Varegg FFO. Frå og med 22. januar opnar FFO også på måndag og onsdag, og det er framleis ledige plassar.

Christian Kjosås er nytilsett sportsleg leiar for ungdom i Varegg Fotball. Han gler seg stort over den store interessa for klubben sin fotballfritidsordning for gutar og jenter frå 2. til 7. klasse. Varegg FFO er fullteikna på tysdag, torsdag og fredag.

-Frå og med 22. januar opnar vi FFO på måndag og onsdag i tillegg, og her er det framleis godt med plass, fortel Christian.

-Det blir fleire plassar på FFO tilgjengelig og meir aktivitet til borna. Betyr det fotball kvar dag?

-Nei, det blir det ikkje. Me kombinerer det med leik, fysisk trening, joggetur, teikning, treningsdagbok, filmsjåing osv. Me skal alltid ha noko kjekt på lur!

Er du interessert, finn fu meir informasjon under fana "FOm Varegg Fotball" her på heimesida til Varegg Fotball.

Snakkast på Mulebanen! helsar Christian Kjosås.

Følg oss!

Støtt oss!

Våre arrangementer

Det er vinter og kaldt, men snart er våren her! Ikke glem å melde laget på Varegg Cup!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift