DAMETRIM STOKKSUND SKULE 2018

Oppstart av Dametrim på Stokksund skule den 8.1.18. Du finn meir info her.

GODT NYTT ÅR!!

Då er trimgruppa klar for å starte opp att med dametrim. Vi har i utgangspunktet tenkt 2 treningsdagar om vi får nok påmelde til begge dagane. 

Vi kjem til å køyre 2 forskjellige treningsøkter og tilpassar gruppene etter kvart. 

Måndagar: 19:15-20:15 – Stryke/kondisjon sirkeltrening med Gøril. (Ca 10 gongar fram til påske. )

Torsdagar: 19:00 -20:00 – Tabata - Styrke/kondisjon.  Instruktør Elin (Minimum  6-8 gongar til påske)

Vi er avhengig av nok påmelde og har derfor sett ei minste grense for å køyre trimmen dei ulike dagane. Måndagar minimum 10 stk og torsdagar minimum 6 stk. Påmelding på Facebook gruppa vår. 

Trening etter påske blir vurdert etter interesse. 

PRIS:

Alle som trenar i Tjørvåg IL må vere medlem. For 2018 er kontingent i Trimgruppa 200,-

Trening måndagar: Kontingent 200,- + treningsavgift 150,-

Trening torsdagar: Kontingent 200,- + treningsavg 100,-

Trening begge dagane: Kontingent 200,- og treningsavgift 250,-

Kontingent gjeld heile året. Treningsavg gjeld pr ½ år og skal dekke kostnadar vi har til bl.a instruktør.

 

Dametrimmen er eit lavterskel tilbod for damer i alle aldra. I 2017 var det ca 35 stk som trena i løpet av året. Vi håper mange vil fortsette også i 2018.

Det blir styrke og kondisjon trening med øvelsar som alle klarer uansett oppstartsform. Ta med gode innesko, drikke og evt ein handduk til å tørke svette.

Påmelding og og meir info finn du på Facebooksida vår Dametrim Stokksund: https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/

Du må ikkje melde deg på for å starte, men vi må ha minimum påmelde for å starte opp så derfor er det viktig du melder deg på .

Har du ikkje Facebook kan du melde deg på til, Elin, mobil 91852534. Evt om du har spørsmål. Husk å skrive namnet ditt.

 

Litt info om dei ulike treningane vi kjem til å køyre i vår.

SIRKELTRENING - styrke/kondisjon – ca 1 t
Kort oppvarming til musikk / dynamisk oppvarming, dans  ca 10 min
10 ulike øvelsar i sirkel, både styrke og kondisjon. Kvar øvelse har ulik grad av vanskelighet slik at du kan gjere den så tung/lett du ønsker. Jobbar 45 sek og 15 sek pause mellom kvar, men du styre heilt sjølv om du vil ha pause under vegs. Om det er ein øvelse du ikkje kan gjere i det heile så kan vi evt finne eit alternativ om du ikkje kan gjere dei alternativa vi har, eller ei ekstra pause. Vi jobbar 3 runder der vi har ca 2 min pause mellom kvar. Du styre heilt sjølv kor hardt du vil trene i forhold til ditt nivå. Det blir litt nye øvelsar.
Avslutta med uttøying og avspenning.

 

TABA – Stryke/kondisjon Ca 1 t

Intervalltrening der ein jobbar med høg intensitet i korte periodar før du tar ei rask pause. (Du tilpassa sjølvsagt ditt nivå og tek pausar om du treng det) Kvar intervalldrag er på 20 sekund med 10 sekund pause. Kvar tabata er på 4 min og har 2 Øvelsar –  ein repetera kvar øvelse 4 gongar, totalt 8 repetisjonar. Vi køyre 6 ulike tabta (12 øvelsar). Litt nye og litt kjende øvelsar.

Eks. på øvelsar: Knebøy, armhevingar, utfall, planke, mountain climber mm

Denne type intervall trening har blitt veldig populært og ein kan fort oppleve god effekt.

Oppvarming ca 10 min

6 rundar med tabata øvelsar – kort pause mellom kvar tabata på 4 min

Utøying / Stretching

Avspenning

VI GJER MERKSAM PÅ AT ALL TRENING SKJER PÅ EIGE ANSVAR. Idrettslaget er ikkje ansvarlig for evt skader som skjer under eller på grunn av treninga. Har du skader eller problem så er du sjølv ansvarlig for å avklare med lege/behandler at du kan trene.

 

Kontakt info:

Elin 91852534 eller Linda 41458917

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift