Tjørvåg IL fekk dommarbelønning for 2017

Under helgas Fotballgalla fekk Tjørvåg IL tildelt 15.000,- frå Sunnmøre Fotballkrets for arbeidet med å rekruttere dommarar.

Fem klubbar fekk under årets Fotballgalla belønning for arbeidet dei gjer med å rekruttere og utvikle dommarar.

Kretstinget vedtok i fjor å innføre ordninga med dommarbelønning til dei klubbane som jobba godt med å rekruttere, utvikle og behalde dommarar på alle nivå. Tinget var tydeleg på kva for kriteria som skulle leggast til grunn og kretsadministrasjonen har dermed brukt talas klare fakta til grunn når årets fem mottakarar av dommarbelønning skulle løftast fram.

Totalt 50.000,- skulle fordelast og av denne potten fekk Tjørvåg IL 15.000,-, som var mest av dei 5 klubbane som fekk tildelinga.

Dei fem klubbane som dermed mottek belønning frå SFK for godt dommararbeid i 2017 er:

  1. Tjørvåg IL -  kr 15.000,-
  2. Skodje IL - kr 12.500,-
  3. Brattvåg IL -  kr 10.000,-
  4. Hasundgodt IL – Kr 7.500,-
  5. Ørsta IL – kr 5.000,-

Iflg Jan Olaf har Tjørvåg IL hatt fokus på opplæring av dommarar i 2017. Alle dommarane har gått klubbdommarkurs og 6 av dei også rekrutteringskurs. I tillegg til Jan Olaf og Åsmund er 7 ungdommar mellom 13-16 år dommarar i klubben i 2017, 5 av dei jenter, noko som er veldig bra. smiley 

Klubbdommarar 2017 Tjørvåg IL:

Hermine Dalsøren, Amalie Hestad, Arjan Dalsøren, Oskar Eide Storøy, Erill Dahlstrøm, Nora Bigset Aspevik, Marthe Dragsund, Åsmund Eide og Jan Olaf Hareide.

 

Du finn meir om saka på sida til Sunnmøre Fotballkrets https://www.fotball.no/kretser/sunnmore/om-kretsen/aktuelt/2017/fem-klubber-far-dommerbelonning/

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift