Mads Wie melder overgang til Sandane

Storsignering for Sandane onsdag kveld: Mads Wie er klar for gamleklubben!

Den suverene toppskåraren i Kretsligaen 2017 (31 mål) forlet 4. divisjonsklubben Stryn til fordel for Sandane. 

Mads forklarer at det er ei totalvurdering som gjer at han no akslar den blå trøya. –Det har vore utmattande å bu og arbeide på Sandane og skulle trene og spele for Stryn.

Resultatet vart at eg ikkje fekk ein bra nok treningskvardag, forklarer Mads, som arbeider som er førskulelærar og nyleg har kjøpt seg husvære på Sandane. 

-Det kjendest rett å vende tilbake til Sandane no. Eg ønskjer å trene godt og håpar å hjelpe STIL med å ta steget opp ein divisjon, der dei høyrer heime. 

Mads har mykje godt å seie om Stryn og sesongane han har spela med laget. –Eg har hatt kjekke år i Stryn. Eg minnest også godt dei gode åra med Sandane, då vi hadde ein kjerne av spelarar på plass og også rykka opp til 3. divisjon i 2009.

Kjenneteiknet for Mads Wie har vore at han er ein målgarantist for alle lag han spelar på. Saman med Ruben Wie herja dei to brødrene for Sandane, og Mads har markert seg påliknande måte i Stryn. Han stoppa på 31 mål i 2017, og då laget spela i 3. divisjon i 2016 sto han for 20 mål. 

Mads har hatt nokre skadeplager dei seinare åra. – Det har heldigvis vore i skuldersesongane. No håpar eg å få gjere eit godt treningsarbeid. Med arbeid og treningar på Sandane vil eg få regelmessigheit i treninga og eit overskot til også å gjere det viktige arbeidet med styrketrening som kan førebyggje skader, og likeeins drive restitusjonstrening. 

Mads beskriv seg sjølv som ein spelar som dei seinare åra har blitt meir merksam på det oppbyggande spelet. –Eg er blitt meir obs på bevegelsane i feltet og meiner eg er blitt ganske smart i boksen. 

Overgangspapira vart underskrivne onsdag kveld, og overgangen er gjeldande frå 1. januar. Mads meiner Sandane har eit godt lag på gang. –Det er ei fin blanding av rutinerte spelarar og unge talent som eg gler meg til å trene saman med.

Alt til helga er imidlertid Mads klar som lagleiar for STILs A-lag, som deltek i KM innandørs i Førde.

Trenar Torbjørn Gran er sjølvsagt stornøgd med signeringa. - Med Mads i stallen har vi ein kvalitetsspelar offensivt, og vi kan bygge eit lag rundt han som verkeleg kan sparke frå seg komande sesong, seier Gran. 

Fotballsjef Sjur Gimmestad var eit einaste stort smil under signeringa, og la ikkje skjul på at Mads Wie vert ei forsterkning som betyr mykje for Sandane.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift