FØRDE CUP 2017

J19 vann B-slutt finala i årets Førde Cup. Flott innsats av dei 4 andre laga som teltok også.

 

Førde cup 2017

Tjørvåg stilte med 5 lag i klassene jenter 14 år, gutar 14 år og gutar 16 år i samarbeid med Moltu. Jenter 16 år og jenter 19 år i samarbeid med Gurskøy.

Glade jente 19 klar for finale i B-sluttspelet (Bilde Gøril Ramstad)

J 19:

Jenter 19 år kom på fjerde plass i gruppespelet og var dermed vidare til semifinale i B-sluttspelet. Søndag Kl 1220 var tribuna fyllt opp med spente GT-supportarar og jentene var klare for kamp om finaleplass mot Bergen Nord 2. GT jentene pressa på frå fyrste sekund og hadde taket på jentene frå Bergen. Målet kom då super-keeper, Amalie, skaut ett lurt skot frå eige målområde og over keeperen til motstandaren. Stor jubel på bana og tribuna. Jentene la ned ein stor innsats i sluttminutta og då fløyta gjekk var finaleplassen eit faktum!

Klokka 15 var det klar for finale. Stemninga på tribuna var spent og nærvøs. Jentene på bana gjekk respektlaust ut mot Førde 1, som dei tapte 3-1 for i gruppespelet. Tilskodarane vart vitne til mange fine kombinasjonar. Fyrste målet til GT kom etter at Amanda stod høgt og kjempa til seg ballen og skaut ballen hardt og lavt  flott i mål frå skrått hold. Eksplosjon på bana og tribuna! Jentene holdt ledelsen i nokre minutt før Førde utlikna. Ballen rullar fort i innendørsfotball og det snur raskt. Publikum hadde knappast lyfta hovudet etter utlikninga, før Sofie tok avsparket, knallhard og rett i krysset! 2-1 leiing! No var det berre 1 minutt igjen av kampen og jentene på bana gjorde sitt for å sikre gullet. Jubelen stod i taket då sluttsignalet gjekk!

Gratulerer så mykje med gullet Maja Vattøy, Malin Torset Siverstøl, Gøril Aurvåglid Ramstad, Amanda Holstad Ramstad, Annika Dragsund, Sevrine Mathilde Moltustøl, Sofie Nørvåg Skogen, Amalie Lillenes Hestad.

Trenar Preben Hestad og lagleiar Erling Johan Dragsund!

Vi er så stolte av dokke og det er så velfortjent!

J19 - mottak av medalje etter siger B-sluttspelet (Foto Evy Anita Storøy)

J 16:

Jentene på 16 års laget hevda seg godt i gruppespelet, men resultata bikka aldri i jentene vår sin favør med dei små marginane som er i innendørsfotball.

Gratulerer med flott innsats Eirill Dalstrøm, Hermine Dalsøren, Ronja Gjerde, Andrine Sætre Leikanger, Andrine Ljotebø-Krokå, Ella Mae Moltustøl, Sofie Skogen og Amalie Lillenes Hestad!

Trenar og lagleiar Preben Hestad og Erling Johan Dragsund for disse flinke jentene også.

J 14:

Dei yngste jentene som har spelt i 13 års serien i år stilte i klassa jenter 14 år. Sjølv om spelarane vår var både 1 og 2 år yngre hevda dei seg godt i gruppespelet. Noko som resulterte i 1/8 finale i B-sluttspelet og lokaloppgjer mot Bergsøy.

MT jentene kjempe på og kampen bølga fram og tilbake. Dessverre var det Bergsøy som fekk ballen i mål og det vart 1-0 tap for jentene.

Gratulerer med flott innsats på den aller fyrste Førdecup'en - Nora Bigset Aspevik, Amelie Lillerovde, Noelle Lillerovde, Anna-Magdalena Tjervåg, Ingeborg Sporstøl, Hanna Ljotebø-Krokå, Marthe Aspevik Dragsund, Klarisse Sarsosa Giske og Bjørgun Moltu,

Trenar Gøril Ramstad,Elin-Marie Bigset Stang og lagleiar Irene Sporstøl!

 

Så var det gutane!

Nesten heile G14 - Oscar og Ingeborg manglar (Foto Gry Cecile Sydhagen)

G14 

Turneringa kunne ikkje starta på verre måte med armbrot på keeper Oskar rett før kampen mot Balestrand. Oskar stod likevel halve kampen og leverte eit par redningar før han endeleg vart tatt av bana. Veldig tøft gjort av Oskar. Også tøft av Hans Arne å stå i mål for begge laga og totalt 8 kampar.

Gutane var gode mot gode lag og sleit litt mot dei svakaste, sjølv om vi vann desse greit. Totalt gjennomførte gutane gruppespelet på imponerande vis. Førde 1 som vann 2-0 mot oss, vann også finala. Dei var nok hakket betre enn oss i kampen, men vi skapte fleire gode sjansar og gjennomførte ein god kamp mot vinnarane. Så nær var vi dei beste.

Dessverre var det Bergsøy som hadde lukka på si side i 1/8-finalen då dei skåra i ekstraomgongen.

Gratulerer med flott innsats Arjan Dalsøren, Martinus Sporstøl, Hans-Arne Leikanger, Oskar Eide-Storøy, Andreas Sandvik, Gard Notøy, Ingeborg Moltumyr, Magnus Løvøy, Sivert Løvøy, Jonas Muren Olsen, Olai Abeltun.

Trenar Stian Tarberg, trenar Kjetil Sporstøl og lagleiar Erling Moltubakk.

G16: 

Dei eldste starta turneringa med ein god kamp mot Bergen Nord. Vi hadde lenge 1-1 og det var først i dei siste 5 minutta dei avgjorde kampen. Bergen Nord enda på tredjeplass i turneringa. Mot Dale styrte vi kampen men klarte aldri å avgjere den. Dermed måtte vi vinne mot Førde 4 for å gå vidare til A-sluttspelet. Utover kampen tok gutta fullstendig over og vann til slutt 2-0.

Vi hadde stor tru på at gutta skulle slå Hyllestad i 1/8-finalen. Dei skapte ikkje mykje mot oss men fekk to billige mål. Defensivt var dei solide og vi klarte ikkje å skåre meir enn eitt mål. Hyllestad endte på 4.plass i turneringa. Det er marginar som gjer at det ikkje var vi som enda der oppe. Imponerande gjennomført også av dei eldste gutane.

Gratulerer med flott innsats Nikolai Moltubakk, Kristoffer Moltubakk, Jon-Petter Moltumyr. Hans-Arne Leikanger, Konrad Vorren, Daniel Ottesen og Angel Zarza!

Trenarar og leiar samme som G14.

To A-sluttspel i årets Førde Cup er imponerande. Begge laga var unge i sine klasser men vart aldri utspelt av noko lag. Tvert i mot var vi fullt på høgde med dei beste.

 

Ref. Evy Anita Storøy

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift