Grautkveld med premieutdeling

Orienteringsløparane våre var sist onsdag samla i kultur- og idrettsbygget til klubbkveld med graut, quiz og premieutdeling.

Det har vore ein aktiv sesong for mange av våre ivrige o-løparar, med nye lokale utfordringar kvar onsdag frå mars til september - bortsett frå sommarferien. På onsdag var det klart for premieutdeling til alle med minst fem løp, og 20 unge løparar var kvalifisert for ein premie. Jens Øien Kloster har vore mest aktiv i 2017, og har delteke på godt over 30 løp, både lokalt og andre plassar i landet. Han var den einaste som fekk den største premien, men fleire andre har over 20 løp.

Kvelden starta med graut og quiz, før gjennomgang av tal og statistikk. Deltakartalet har gått ned ein del frå 2016, men o-gruppa satsar på ny oppsving i 2018 - med m.a. oppdaterte kart og truleg eit nytt stolpejakt-opplegg. (sjå: https://stolpejakten.no/).

O-løparane har hatt nokre veker pause, og er no klare for vintersesongen med nattorientering anna kvar onsdag. Allereie kommande onsdag må ein ta fram refleksvest, hovudlykt og stilla opp for å leita etter postar i mørket. Løypene denne gongen startar frå skulen på Rimbareid kl. 18.00.

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift