Planleggingsmøte om marint avfall

Torsdag 2.november klokka 19-21 på Rådhuset på Frekhaug inviterer kommunen til opent fellesmøte der ein kan utveksle erfaringar og diskutere vidare planar og moglege ting vi kan gjere saman i 2018 i høve marint avfall.

Melding frå kommunen:

Velkommen til planleggingsmøte!

Torsdag 2.november klokka 19-21 på Rådhuset på Frekhaug

Vi inviterer til opent felles møte der vi kan utveksle erfaringar og diskutere vidare planar og moglege ting vi kan gjere saman i 2018 i høve marint avfall.

Vi har invitert folk og organisasjonar frå nabokommunane. NGIR kjem, og sjølvsagt arrangørane: Bergen og Omland friluftsråd, Bærekraftig liv i Meland og Meland Frivilligsentral.

Bildet vart teke i 1970 av Jess Holmboe-Erichsen og er frå Ånuglo (ytterst i Hardangerfjorden). Bildet syner at marint avfall er eit problem vi har hatt i svært mange år.

Me snakkast 2.november på Rådhuset!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift