Fitjardalten 2017

God deltaking på Fitjardalten 2017 i flott haustver.

Fitjardalten 2017 vart eit flott arrangement, der veret laga ei fin ramme rundt alle løpa. 

Ope bibliotek, inviing av buldrevegg i idrettshallen, ope treningsstudio og kafe gjorde sitt til at det strauma på med folk. 

Det var nesten 80 deltakarar på turmarsjen som vart arrangert for 36. gong. Mange som har vore med alle gongar, og kjekt med alle dei som og deltok for fyrste gong.

Minidalten i sentrum var høgdepunktet for dei minste, omlag 40 stk deltok med startnummer på brystet, mange tok seg heilt ut i løypa rundt sjukeheimen.

 

I sjølve løpet stilte det 53 til start. Fleire deltakarar enn i fjor, og gledeleg med ein auke i kvinneandelen. 

Det var knytt stor spenning til om dei siste års suverene vinnarar skulle få konkurranse om 1.plassen. Både Lars Lunde frå Stord IL og Nina Aarbø Olsen frå Fitjar IL fekk hard konkurranse. Men nok ein gong viste dei seg som dei sterkaste, begge vann i år og. Lars Lunde kom i mål berre 2 sekund unna løyperekorden frå i fjor, på tida 19.38. Nina kom inn på imponerande 24.51, 22 sekund unna tida frå 2016. 

 

Mange yngre som og deltok for fyrste gong, dei imponerte alle med idrettsglede og iver. Kjekt med heiagjenger rundt heile løypa. 

Nytt av året var at idrettslaget gav 10% av inntektene til TV-aksjonen, det resulterte i 1080,- til UNICEF og deira viktige arbeid for skulegong for born i krigsherja område. 

Resultata frå fitjardalten 2017 finn du her http://live.eqtiming.no/38423

Grasrot fra Norsk Tipping

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift