Påmelding til turn

No opnar vi for påmelding til turn for sesongen 2017/2018.

Klikk her for å komme til påmeldings-sida

Som vi har informert om tidlegare har barn av trenarar samt dei som gjekk på turn i forige sesong fått 1. prioritet til å melde seg på sine parti.

Når du melder på via dette systemet vil du fyrst komme til eit registreringsbilde der de legg inn namn og anna nødvendig info om turnaren. Så vil du få opp oversikt over kva for tilbod de kan velje mellom, og de kryssar av for parti i kolonna lengst til høgre. Deretter blir de sendt vidare til betaling. Vi anbefalar å bruke pc, vi har opplevd at enkelte har problem med registreing og betaling via mobil/ipad.

Når betaling er gjennomført vil de motta ein bekreftingsmail (nb! For enkelte vil denne havne i «spam-mail» boksen)

Troppane for 1-5 klasse har avgrensa antal plassar, og i kolonna for «rest» går det fram kor mange ledige plassar det er att.

Hugs å bruke ventelista

Om partiet de ynskjer er fullt ? ber vi om at de registrer dykk på ventelista ? og skriv i merknadsfeltet kva for klasse/parti barnet skal stå på. Tunrgruppa får dermed ei oversikt over kva for parti det er mest behov for meir kapasitet på

Ekstra parti/større parti

Vi kan kanskje få til eit ekstra parti for 1. klasse. Samt at det evt kan vere mulig å utvide kapasiteten på enkelte parti - MEN dette krever fleire trenarar! Vi set stor pris på om fleire foreldre/foresatte melder seg som trenarar! Ta kontakt med Muriel Evebø (928 78 594) dersom du vil bidra.

Sjå tidlegare informasjon om turnsesongen 2017/2018

Etter haustferien

Vi startar opp treningane i veke 42 ? det vil seie i veka etter haustferien.

Vi gledar oss til å komme i gang!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift