Oppstart barneidretten

Etter haustferien startar vi opp att treningane for born mellom 3 og 6 år.

Born mellom 3 og 6 år (fødde 2011-2013) er velkomne til å delta i STIL sitt barneidrettstilbod. Opplegget i år vert etter same lest som i fjor, og det er oppstart etter haustferien. Treningane føl skuleruta og varer fram til påske. 

Dei yngste borna (2013-2014) har trim i gymsalen på Sandane barneskule måndagar 17.00-17.45.

Dei eldste borna (2011-2012) har idrettsskule i gamle Firdahallen tysdagar klokka 17-18. 

Alle som deltek vert registrerte som medlemar i STIL, og betaler kr 150,- i medlemskontingent. På grunn av halleige i Firdahallen, ser STIL seg nøydde til å fakturere ei treningsavgift for deltaking på idrettsskulen. For dei eldste borna (2011-2012) vil det såleis bli lagt til ei treningsavgift på kr 350 for sesongen 2017-2018. 

Vel møtt!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift