Turn 2017/2018 - sesongen startar etter haustferien

Vi satsar på å starte opp turntreningane i midten av oktober, nærare bestemt frå 16. oktober.

Som vi har informert om tidlegare har det vore ei utfording å få på plass årets turn-timeplan. Både mangel på nok halltid og nok trenarar har ført til at vi ikkje klarer å få til like mange turn-parti som vi hadde tilbod om i forige sesong. Dessverre vil konsekvensen av dette vere at vi truleg ikkje klarer å tilby turntreningar til alle som har lyst å vere med. 

Påmelding til sesongen 2017/2018

Vi må bruke same påmeldings-system som i fjor med registrering på nett og direkte betaling. 
Barn til trenarar og dei som gjekk på turn forige sesong vil ha 1. prioritet til å få melde seg på før vi opnar opp for evt nye. 
 
Vi har valt å løyse dette ved at alle som gjekk på turn i fjor vil motta epost med lenke til påmelding, og vi ber om at alle som framleis vil vere med, registrerer seg, og betalar turnavgifta direkte over nett. Denne eposten (og sms-påminning)  vil vi sende ut til dei aktuelle i løpet av søndag 1. oktober. Og prinsippet er fyrste mann til mølla
 
Det som blir att av ledige plassar vil vi legge ut Torsdag 5. oktober (ca kl 18) – følg med på nettsida her samt på STIL Turn si side på facebook. 
 
1.-7. klasse får tilbod om eit parti i veka. Medan 8. klasse og ungdomstroppen (9. klasse og eldre) får tilbod om å velje mellom to dagar, evt  melde seg på to dagar i veka. 

Deltakaravgift for sesongen 2017/2018

1.-2. klasse: 550kr
3. klasse og eldre 800 kr
Må betalast direkte ved registrering/påmelding
 

Fordeling av parti

1. klasse Fredag kl 16.30-17-30
2. klasse: Onsdag kl 16-17
3. klasse: Måndag kl 16.30-18
4. klasse: Måndag kl 17.30-19
5. klasse: Onsdag kl 17-18.30
6. klasse: Tysdag kl 18-19.30
7. klasse: Onsdag kl 18-19.30
8. klasse: Tysdag kl 19.30-21 eller torsdag kl 19.30-21
9. klasse og eldre (ungdomstropp): Måndag kl 19-20.30 og onsdag kl 19-20.30
 

Dei som vil turne – må følge reglar 

Vi har til tider opplevd uro på treningane, dette fører til at trenarane brukar unødig tid på å roe ned/hente inn. Turngruppa har no bestemt at turnarar som lagar uro for resten av turnpartiet kan bli bortvist frå trening. Om dette gjentek seg fleire gongar, vil utvisinga gjelde for resten av sesongen utan refundering av treningsavgift. 
 
Turnarar som ikkje har betalt deltakaravgift kan ikkje vere med på turnparti.

Etter haustferien

Vi startar opp treningane i veke 42 – det vil seie i veka etter haustferien. 
Vi gledar oss til å komme i gang!
©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products