Vellykka hjelpetrenarkurs

Laurdag 9. september arrangerte Stil Turn saman med kretsen hjelpetrenarkurs!

Totalt var det 28 påmelde på kurset, i frå fleire ulike idrettslag/klubbar rundt om i sogn og Fjordane. Av dei 28 deltakarane var 8 av desse rå Sandane, og der dei to yngste som var med er 14 år. 

Kursleiaren, Randi Galtung Døsvig,  kom frå Bergen og stod for eit innhalds- og lærerikt 6-timers kurs i Trivselshagen/Firdahallen.  

Innhaldet på kurset bestod av:

- Hjelpetrenar-rolla
- Bestemmingar for barneidrett
- Idrettens barnerettighetar
- Handtering av skader
- Matteturn med sikring og mottak
- Musikk og rytmeleik
- Aktivitet med småredskap
- Stasjonstrening og apparatløyper

Hjelpetrenarkurs Turn sept 2017

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift