Aktivitetsleiarar til open gymsal på Rossland skule i haustferien

Vil du vere aktivitetsleiar ein eller to dagar i haustferien? Meland kommune ønskjer å ha open gymsal på Rossland skule i haustferien. Er du over 16 år, og er god på å leie aktivitetar for andre barn og unge? Les meir her.

Vil du vere aktivitetsleiar ein eller to dagar i haustferien? Meland kommune ønskjer å ha open gymsal på Rossland skule i haustferien. Dagane det er snakk om er torsdag 12.oktober og fredag 13.oktober.
Kan du ein av dagane eller begge? Er du over 16 år, og er god på å leie aktivitetar for andre barn og unge? Då er du den rette!

Send ein melding til NHIL her på Facebook, eller på e-post til styret.nhil@gmail.com dersom du er interessert, så videreformidlar me til kommunen.

Ta kontakt med kultur- og ungdomskonsulent i Meland kommune, Ane Bysheim, på tlf. 56 17 10 66 eller på e-post ane.bysheim@meland.kommune.no om du lurar på noko.

Dette er eit godt tiltak som me i NHIL oppfordrar ungdommar og vaksne til å støtta opp under om de har anledning. 
©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products