Nok eit flatterande tap borte mot Hareid 2

Ny prøvelse no fyrstkomande onsdag borte mot Hareid 2.

 

 

Kampfakta:

Hareid 2 - Tjørvåg 4-0 (1-0)
Avspark: 19.30
Hareidsmyrane stadion
Dommar: Birger Elias Breivik (Volda TI - Fotball)

 

Tjørvåg gjekk seg på nok eit tilslutt flatterande tap borte mot Hareid 2 forrige onsdag.

Til pause var berre stillinga 1-0 for heimelaget, og Tjørvåg hadde vore heilt på høgde med Hareid sine nest beste i fyrste omgong.
Heimelaget sitt mål denne omgongen kom etter ei dårleg markering inne i feltet på ein dødball. 
Hareidspelaren får kome altfor lett opp og breiside ballen mot Tjørvåg sin sisteskanse Jørgen Ringstad, som ikkje rekk å reagere tidsnok. Marginane her var ikkje på vår side, og Hareid 2 kunne gå tidleg opp i ei 1-0 leiing etter omlag ti spelte minutter.

Tjørvåg gjorde mykje bra, og hadde fleire gode avsluttningar til side for mål (dessverre), og dagens sentrale midtbanespelarar Remi Vattøy og Sami Zemichael spelte fram våre vingspelarar til gode innleggsmoglegheiter. Eit (nok ein gong) nykomponert forsvar gjorde jobben godt ved fleire anledningar, men gjorde også fleire småfeil som fort kunne straffa oss meir. Noko vi må få luke vekk inn imot dei neste kampane, trass det mest sannsynleg vil være ein ny forsvarsfirar ved neste kamp - grunna skader og forfall.
 

I andre omgong starta Tjørvåg nok ein gong bra, men når heimelaget på ein eller annan måte får krangla inn ballen rundt timen spelt, så mistar vi kanskje litt motet for fort. 
Dette visast meir i form av måla vi slepp inn utover i omgongen. Heilt klart at marginane verkar å utebli for Tjørvåg sin del denne sesongen, då mange av måla vi slepp inn i år kunne like gjerne endt opp i ingenting - og helst aldri burde bli sjanse av hadde vi vore meir samspelt og hatt meir «guts» i  duellane. Uansett lite å gjere med, så vi får prøve å sjå positivt i dei riktige stega vi har tatt denne sesongen, og heller vende nasa i sky og jobbe hardt vidare for å forbetre oss der vi ikkje er flinke nok.

Litt meir besluttsomheit foran mål vil heller ikkje skade oss i framtida, og i fotball betyr sjølvtillit alt. Noko laget manglar etter nokre tøffe sesongar, og ei oppbyggingsperiode denne sesongen. Vi får berre sjå framover og fortsette det gode arbeidet vårt trenarteam har lagt opp ut året. 

Kjekt var det også å ha Jørgen Ringstad tilbake i målet, og Tjørvåg kunne for fyrste gong sidan haustsesongen blei sparka i gong starte utan ein utespelar i mål.
Men til dei som har stilt opp og tatt utfordringa på strak arm har gjort ein strålandes innsats, så takk nok ein gong Mark Anthony Solvåg, Rolf-Henning Klungsøyr og Tommy Tandberg.

Takk også til dei som tok turen for å sjå oss i bortemøtet mot Hareid 2 denne kampen.

Neste utfordring blir Gjerdsvika/LGFK som i forrige runde «grusa» tabelltoar Sæbø med heile 6-1 på heimebane.
Eit sabla sterkt resultat.

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Før kampen:

Hareid 2 blir neste motstandar for Tjørvåg som har hatt ein tøff og vanskeleg sesongen hittil i år.

Dei raudblå frå Hareidslandet ligg førebels på ein 4. plass med 25 poeng fordelt på 7 sigrar, 4 uavgjort og 4 tap.
Hareid 2 har variert litt denne sesongen, men ser ut til å ha balansert seg meir eller mindre utover i sesongen. 
Laget gikk på eit leit 7-1 tap i forrige kamp mot Sæbø, så det er nok klart fokusert på å rette opp inntrykket i kampen mot oss.
Hareid 2 har også hatt eit typisk problem med å miste flest spelarar ved desse sommarpausene, men om dette er tilfellet i år også gjenstår å sjå utover i sesongen.

Heimelaget er nok favorittar sånn det står i dag, men Tjørvåg har begynt å vise solide tendensar med spelet sitt, og for kvar kamp blir også samspelet betre og betre.
Litt vanskeleg å seie kva kamp dette kjem til å bli, men heimelaget er eit sterkt fysisk lag og har mange spelarar som har for vane å score.

Tjørvåg på si side manglar nettopp notoriske målscorarar, og det visast nok på tabellen. Men før eller seinare må dette også snu for vår del skulle ein tru (?).

 

Vi håpar på ein god kamp for begge lag, og er spent på om vi kan klare å halde fokuset å ikkje sleppe opp «gassen» alle 90 minutta denne gongen?
Ta gjerne turen å sjå!

 

Kampinfo:

Hareid 2 - Tjørvåg
Avspark: 19.30
Hareidsmyrane kbg
Dommar: Birger Elias Breivik (Volda TI - Fotball)

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products