DAMETRIM HAUSTEN 2017

Oppstart av dametrimmen torsdag 14/9 kl 19.15

ER DÅKKE KLAR DAMER?

Då er ferien over og vi er klar med dametrim igjen :) I vinter var vi ca 30 damer som trena 1-2 dagar i veka på Stokksund Skule. Vi håper dåkke blir med i haust også. smiley 

Vi kjem til å kjøre same opplegget med sirkeltrening - styrke og kondisjon. Det er usikkert om vi får til 2 gognar i veka, men det er noko vi kjem tilbake med etter kvart. Gøril har ikkje høve å trene oss i haust men det kan vere ho kjem innom i løpet av hausten smiley

Oppstart torsdag 14/9 kl 19.15. Møt opp litt før for å bli registrert. 

Fram til haustferien / slutten av oktober blir treninga torsdagane. Vi har ny instruktør, men det er litt uklart enno om ho får det til å passe med jobb. Ver derfor oppmerksam på at det kan bli bytte av dag under vegs.  Vi startar uansett opp på torsdagar så vi kjem i gong smiley

 

Styrke og kondisjon

Dette er trening som passar for dei fleste uansett om du har trena noko før eller ikkje. Treninga varer ca 1 t. Det blir oppvarming ca 10 min til musikk. 10 Øvelsar i sirkel, både styrke og kondisjon. Kvar øvelse har ulik grad av vanskelighet slik at du kan gjere så tungt/lett som du ønsker. Jobbar i 45 sek og 15 sek pause mellom kvar. Du styre heilt sjølv om du vil ha pause under vegs og kor hardt du vil trene etter ditt nivå . Er det øvelsar du ikkje kan gjere i det heile kan vi evt finne alternativ eller du kan ta ei ekstra pause. Vi jobbar 3 runder der vi har ca 2 min pause mellom kvar. Vi avsluttar med lett uttøying. 

Ta med gode innesko, drikke og evt ein hadduk. 


Pris:
Alle som trenar må vere medlem i Tjørvåg IL - trim. 
Kontigent 200 pr år. (Du har ingen forpliktelsar som medlem). 
Treningsavg kr 100,- (Gjeld for trening ein gong pr veke)
Dei som har betalt kontingent for 2017 betalar kun treningsavgift i haust. 

 

Ønsker du å delta eller finne ut meir så gå inn på Facebookgruppa vår "Dametrim Stokksund" . Der vil vi legge ut info undervegs.

https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/

Håper å sjå deg! 

Er det noko du lurer på så ta kontakt med Elin 91852534 

 

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift