Nok ein gong fokussvikt, og surt 1-6 tap mot Bergsøy 2

Fyrste heimekampen for haustsesongen no komande onsdag mot Bergsøy 2.


Endeleg tid for ny heimekamp no når det nærmar seg med stormskritt kanskje den finaste årstida i året, nemmleg hausten.

 

Nok ein gong fell vi saman og slepp inn fleire unødvendige mål, som med meir konsentrasjon og innsats aldri ville ha blitt farlege situasjonar i det heiletatt.
Frustrerande at dette gong på gong skjer, sjølv om vi er fult på høgde og vel så det med Bergsøy 2 i omlag 60 minutt.

Kampen starta med eit greit press av gjestane frå Fosnavåg, men Tjørvåg låg kompakte i alle ledd, og gav svært lite sjansar til motstandarlaget.
Tjørvåg spelte seg flott framover på bana ved fleire anledningar, og det blei også ein kamp der vi fekk avslutta meir enn på lenge - dessverre blir det kanskje eit eller to «touch» for mykje i siste delen av spelet. 

Utover i omgongen skulle vi få kanskje det mest artige målet for sesongen (?) når Preben Hestad mottek ballen på midten, han ser opp og sender avgårde ein høg ball mot mål.
Gjestane sin keeper er litt langt ute, og med den flotte kveldssola i augene snik ballen seg mellom hendene hans og tverrleggar. Dermed kunne Tjørvåg for fyrste gong på mange kampar juble for å ha tatt leiinga i ein kamp. Uheldigvis varte det ikkje lenge, og gjestane utlikna til 1-1 nokre minutt seinare.

Ved kampslutt stod det heile 1-6 til Bergsøy 2, og Tjørvåg måtte gå skuffa av bana atter ein gong - og nok ein gong blei det mange baklengs pga til dels fokussvikt, men vi gjer det heller ikkje enklare for oss sjølve når vi kjem til gode sjansar men sløsar dei vekk.
Uansett så har laget tatt gode steg i riktig retning frå starten av sesongen til no, og vi må også huske at for mange år på lenge så har ikkje A-laget eit juniorlag å kunne låne spelarar frå. Derfor har målet for sesongen blitt å få på plass ein stall som kunne halde hjula i gang dette året. Noko samtlege som har blitt med hittil, ikkje kan få nok skryt for - både med tanke på innsatsen og ikkje minste for positiviteten og tålmodigheita i og rundt A-laget denne fotballsesongen. 

Gledeleg er det derfor å kunne meddele at vi har signert Sami Zemichael, noko kanskje enkelte såg under forrige kamp mot Bergsøy 2. Sami kjem også frå nettopp Bergsøy 2, og vi er veldig glade for å ha ein slik type spelar i stallen. 


Ellers nærmar det seg ny seriekamp, denne gongen blir det på utebane mot Hareid 2 no fyrstkomande onsdag.
Kampstart vært 19.30.

Takk til alle frammøtte!
Det er under slike kampar vi set ekstra pris på at nettopp DU er der.

 

------------------------------------------------------------------------------------------

 

Før kampen:

 

Frå ein tøff og vanskeleg kamp i forrige serierunde borte mot tabelltoar Sæbø, er det på ny duka for ein kamp mot eit lag i toppsjiktet. 
På fyrstkomande onsdag tek vi imot tabelltrear Bergsøy 2 på Tjørvåg stadion.

Under vårsesongen så tok Bergsøy 2 ein solid 5-0 siger heime på Havila Stadion Fosnavåg. 
Laget frå Fosnavåg har satt lista høgt for seg sjølve i år, og har blitt tippa blandt dei beste laga denne sesongen.
No ligg dei på tredje plass med totalt 27 poeng fordelt på 8 sigrar 3 uavgjorte og 2 tap. 

Bergsøy 2 spelar med ein stall som er prega av mykje erfaring frå høgre nivå blandt dei aller fleste, og som spelar mest på rutina si i forhold til kondis.
Sjølv om det skal seiast at laget har fleire spelarar med god fart og, men stort sett held dei seg til ein spelestil for ein gjeng som spring lite unødvendig og er smarte foran mål.

Dette blir utvilsamt eit vanskeleg kamp for Tjørvåg sitt lag som er i ei oppbyggingsperiode, etter å ha våre på nippet til å ikkje ha lag i divisjonen i det heile dette året.
Uansett så håpar vi på å spele opp i mot vårt beste, for då veit vi at dei aller fleste i denne avdelinga vil få det tøft. 

Håpar å sjå nettopp deg der for å støtte oss i laget mot dei neste beste frå Fosnavåg. 

 

Kampinfo:
16. serierunde 6. divisjon avd 2, 6. september 2017
Tjørvåg - Bergsøy 2
Avspark: 19.00
Tjørvåg stadion
Dommar: Magne Jonny Krumsvik (Hødd IL)

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products