Gurskøya Rundt 2017

Årets Gurskøya Rundt kunne skilte med flott ver og gode sykkelforhold rundt øya

Ein kunne neste ikkje få bedre forhold for å sykle dei 47 km rundt Gurskøya enn i år. Lettskya, fin temperatur og lite vind.

Totalt starta 155 turen rundt øya. Med tanke på det flotte veret så var det lite i forhold til tidlegare år med fint ver. 51 startande var det lavaste på fleire år i Tjørvåg. Berre 7 "Tjørvågara" sykla i år så her var det folk frå andre bygder rundt om som starta herfrå. I forhold til tidlegare år så var det lite familiefolk og ungdom så sykla.

Tal startande frå dei andre bygdene: Gurskøy 50, Gursken 26, Gjerdsvika 14 og Moltu 14. 

Klar for ein tur rundt øya smileyJohnny Hundsnes og Erling Moltubakk

Dei som starta såg ut som dei kosa seg på turen, og fleire tok eit stopp i bygdene for enten litt drikke eller ein matbit.

Ein sprek gjeng frå Leikong som tok eit stopp i Tjørvåg

I Tjørvåg var Jan Olaf som vanleg klar med kiosk med både pølse, mår og vafler, godt hjelpa av Anja Lena Djupvik.

I år var det 34. Gurskøya Rundt. 2 som har vore med å sykla jamt og trutt var Mangolf Dahl og Arne Tjervåg. Desse kunne i går motta plakett for å sykla Gurskøya Rundt 20 gongar smiley . Dei kunne rapportere at det var tungt å kome rundt i år men vi håper dei ikkje tok skrekken og ser dei på startstreken også neste år. 

Mangolf og Arne

Pilip (8) og Matteus (snart 6) Winsnes var 2 av spreke born som sykla rundt øya i går. Godt med eit saftstopp før siste biten tibake til Leikong smiley

Neste år er det Tjørvåg IL som er hovudarr. til Gurskøya Rundt og delvis jubileum med 35. løpet. Vi håper sjølvsagt det då blir mange fleire som syklar rundt øya frå Tjørvåg og dei andre bygdene. Ein treng ikkje vere supersprek for å ta turen, og det er ein flotte tur. 

Flott innsats frå dei som sykla i år smiley

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products