Vi tar av oss hatten!

STIL-fotballen har all grunn til å feire: Heile 6 trenarar fullfører torsdag kveld si trenarutdanning som Grasrottrenar (C-lisens). STIL har ein fantastisk ressurs i trenarkorpset som no tel 21 trenarar med kvalifikasjonar som Grasrottrenar eller UEFA B-trenar. I tillegg er det eit større antall som er på veg til å fullføre sine utdanningar.

-Eg spurde meg sjølv før eg melde meg på kursa om eg eigentleg hadde bruk for dei, seier Ole Martin Egge, ein av trenarane som no har fullført Grasrottrenarutdanninga. -Eg er sjølv aktiv fotballspelar og var usikker på kva det ville gje av nye impulsar. Men erfaringa mi er at dette er svært utviklande og stimulerande. Det har vore fint å få repetisjonar av kjend stoff og det er alltid noko å lære. Det er dessutan flott når vi er ei ikkje alt for stor gruppe som er i lag, seier Egge. Han får tilslutnad av dei andre kursdeltakarane.  -Det gjer trenargjerninga lettare når ein får tilført faglege impulsar, seier Lars Endre Gimmestad, ein av dei som har fullført 3 av 4 kurs og såleis ikkje har langt igjen før utdanningsløpet som Grasrottrenar er fullført.

Det er ein super gjeng som har deltatt på delkurs 4 under Ingmar Sægrov si leiing, dei fleste vel kjente frå treningsfeltet i Idrettsparken. Lene Seime vert no den fjerde kvinnelege trenaren i STIL med Grasrottrenarutdanning.

STIL har dei siste åra arrangert to-tre trenarkurs årleg, med god oppslutnad: heile 37 trenarar har deltatt på eitt eller fleire kurs. Det er ikkje noko krav om at ein skal ta alle kursa, vi ønsker også trenarar som har eitt eller to delkurs. Skal ein trene lag i dei eldste årsklassane, er det no ein føresetnad at laget har trenar med godkjent Grasrottrenarutdanning. Dette er eitt av krava som blir stilt til ein Kvalitetsklubb.

Det mest vanlege er å ta trenarutdanninga over langs, med 1-2 kurs pr år. Men vi har også nokre målretta karar som har tatt alle fire delkursa på under eitt år: Bård Larsen Devik, Kjetil Midtgård og Thomas Fjeldtvedt. Imponerande!

Dei nye Grasrottrenarane:

Vidar Bjotveit

Kjetil Midtgård

Lene Seime

Thomas Fjeldtvedt

Ole Martin Egge

Bård Larsen Devik

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products