Datoar for Vinterkarusellen

Fyrste løp i Vinterkarusellen er tysdag 10. oktober kl 19 ved Strandebarm Idrettspark. Løypa er den same som før om åra, 4 km lang med start og mål på Idrettsparken, vending på Børsheim like utanfor Strandebarmheimen. Nedanfor er synt datoane for årets karuelløp.

Det er garderobar og god parkering på Strandebarm Idrettspark. Alle løpa er tysdagar kl 19. Det er fire løp før-, og fire løp etter nyttår. For å gjennomføre Vinterkarusellen, må ein delteke på minst fem av dei åtte løpa. Alle som har gjhennomført karusellen får deltakarmedalje og er med i trekking av fine gåvepremiar etter siste løpet i mars. 

2017
10. oktober kl 19
31. oktober kl 19
21. november kl 19
12. desember kl 19

2018
2. januar
23. januar
13. februar
6. mars 
 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift