Tap borte mot Sæbø

Tredje seriekamp i haustsesongen står for tur på onsdag når Tjørvåg reiser for å møte den sterke tabelltoaren Sæbø.


Her frå forrige seriekamp som enda 0-3 til Sæbø.

 

Betre seint enn aldri, er eit godt ordtak - og fungerar utmerket godt når underteikna no endeleg får ut kampreferatet frå forrige seriekamp borte mot tabelltoar Sæbø.

Det blei tilslutt eit stygt resultat med heile 6-1, sjølv om det skal seiast at dei siste tre av måla kom dei siste seks minutta av kampen og tilleggstida.
Skuffandes for Tjørvåg som gjorde ein solid figur dei fyrste 60-70 minutta av denne kampen. Då stod stillinga berre 2-1 til heimelaget, og gjestane som for dagen spelte med dei lyseblå draktene til Sæbø (rett og slett uvanleg rart å spele i slike fargar), var godt på høgde med heimelaget.

Tjørvåg hadde mange gode angrep i regi av Tommy Sporstøl, som også scora eit «lekkert» mål, der han plasserte ballen i ei bue i lengste hjørnet frå omlag 20-25 meter.
Gjestane frå Tjørvåg jakta utligninga lenge, og fleire gode angrep med Henrik Lillenes, Tommy Sporstøl og Andre Storøy såg ut til å sjokkere heimelaget ein smule.

Diverre så mangla det på konsentrasjonen og presisjonen foran mål, og heimelagets keeper gjorde fleire gode involveringar. Utover i andre omgong blei det mykje bytte på Tjørvåg og det bar preg over det defansive. Tre mål på seks minutter seier det meste om den saka, men Tjørvåg fekk til mykje godt spel og kom til gode sjansar i denne omgongen også.

Alt i alt ein god prestasjon frå dei raudkledde frå Tjørvåg, om vi ser bort ifrå dei siste seks minutta, samt at vi slepp inn altfor enkle mål (nok ein gong). 
Det skal også seiast at det fyrste målet til Sæbø såg ut til å moglegens være offside, uansett så fortjente heimelaget sigeren.

Synd var det også å miste «evig-unge» Preben Hestad etter knappe 15 minutt av kampen pga skade. Ellers ein god innsats av samtlege, og no håpar vi at Bergsøy 2 skal må betre motstand, og at vi får opp prestasjonane våre foran motstandarane sine mål i dei siste kampane.
For arbeidsmoralen er det iallefall ikkje noko å utsette på frå alle på laget.
Gledeleg var det også at Frank Håkon Abrahamsen kunne kome på kamp, etter å direkte ha kome frå sjø. Dermed kunne vi for fyrste gong denne haustsesongen stille med ein keeper i mål 20 minutter ut i 1. omgong. Ein solid innsats og takk går iallefall til dei utespelarane som har stått i mål for laget desse kampane, så TAKK Rolf-Henning Klungsøyr og Tommy Tandberg.

Og ikkje minst takk til alle som tok turen for å støtte oss!

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------
 

Før kampen:

 

Haustsesongen er i full gang, og etter litt dataproblem er underteikna endeleg (?) tilbake igjen med litt skriverier iløpet av sesongen.

For dei av dokke som måtte lure så har (heldigvis) ikkje Tjørvåg mista så mange spelarar sidan vårsesongen tok slutt. 
I ein allereide tynn stall så er det uansett eit stort «skår» i A-laget når vår strålande vise-kaptein og hjelpetrenar Andreas Vatne, no har vendt snuten mot regnfylte Bergen for å studere.
Ein spelar heile laget og klubben kjem til å merke er borte, då sistnevnte har hatt fleire verv også i idrettslaget. Vi ynskjer våre eigen Andreas all lykke i Bergen-by, og håpar han vender nasa heim om ikkje altfor lenge.

Forutenom dette så har vi samme stall som før sommarpausa tok til, noko som er positivt, sjølv om vi helst skulle sett at vi hadde fleire nye spelarar.
Er du eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg å spele fotball i eit klubb og på eit A-lag som prioriterar det å ha det gøy ved å spele fotball, så ta gjerne kontakt med anten Ole-Erik Nykrem Røyset, eller Remi Vattøy. 

Hittil så har Tjørvåg spelt 2 kampar sidan ferien vart avslutta for nokre veker sidan, og det har endt med eit heilt ok 3-0 tap mot Hasundgot, der vi slapp inn unødvendige mål på særs ugunstige tidspunkt, som gjorde det vanskeleg å kome inn igjen i kampen.
Neste kamp enda meit eit smått utruleg 2-2 resultat borte mot Moltustranda. Ein kamp der Tjørvåg hadde to sjansar åleine mot keeper, og tre-fire solide målsjansar. Og slapp inn eit sjølvmål, samt fekk ei straffe imot som heimelaget scora på. Uansett så var det svært gledeleg at «evig-unge» Preben Hestad gjorde comeback, og scora likså greit begge måla for Tjørvåg. 

No ventar ei større utfordring i tabelltoar Sæbø på utebane fyrstkomande onsdag.

Forrige oppgjer enda 0-3 til Sæbø, men Tjørvåg gjorde ein god figur, og vi håpar at vi også denne gongen skal kunne vise oss frå eit betre side enn den gongen.
Troppen ser nok ganske uforandra ut, men moglegens må vi for tredje kamp etter pausa stille med ein utespelar i mål. Det blir uansett eit tøff kamp, der vi utan tvil er «underdogs», og samtlege må forbrede seg på ein særdeles vanskeleg bortekamp.

Kampinfo:

14. serierunde 6 divisjon avd 2, 23. august 2017
Sæbø - Tjørvåg
Avspark: 18.30
Sæbø kunstgras
Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal IL - Ørsta Fotball)

 

Ta gjerne turen den som ynskjer det.

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products