GURSKØYA RUNDT SØNDAG 27.08

Då er det nok ein gong klart for sykkelløpet Gurskøya rundt. Det er 34. året på rad ein kan setje seg på sykkelen og sykle dei knapt 47 km rundt øya. Mange teke dette som ein familietur rundt øya og brukar dagen, medan andre syklar på tid.

Søndag 27.08.17 er det klart for årests Gurskøya Rundt.

Stokksund Skule
Start: 1200-13:00
Målgong seinast kl 17:00
Alternativ start: Moltu, Leikong, Gursken og Gjerdsvika.

Startkontingent: Vaksne kr 100,-, born kr 50,- og familie kr 200,-.

Kiosk og saftstasjon

I år er det Moltu som er hovudarrangør men som tidlegare år så vert det start og aktivitet i kvar bygd.

I Stokksund vert det i tillegg til registrering sal av mat og drikke under løpet så det er berre å svinge innom på runda, eller når ein har kome vel i mål. Fleire av dei som syklar synes det er kjekt å stoppe rundt om i bygdene og slå av ein prat og ta seg ein matbit. Gratis saftstasjon.

Kan vinne sykkel

Hovudpremien er gåvekort på sykke kr 3 000,- , sponsa av G-sport Fosnavåg. Ein av dei heldige som syklar på søndag vert vinnaren smiley I tillegg er det mange fine premiar som vert trekt lokalt. 

Tjørvåg IL ynskjer alle velkomne til å delta, og oppmodar alle som syklar om å bruke refleksvest og hjelm.

Vi gjer merksam på at det ikkje er lov å sykle tunellen i Myrvåg. Dette pga sikkherhet til dykk som syklar. Det vert skilta gamlevegen rundt Myrvågneset. Det vert også oppfordra til å sykle med sola og mest mogleg utanfor trafikk (gangfelt) gamlevegen i Djupvika, Almestad-Sætre (Gursken).

Vi håper på fint sykkelver. Så langt ser det ut som det blir opphald og lite vind så ta med familien, venner og kjente på ein fin sykkeltur rundt Gurskøyasmiley

Røde Kors vil vere tilgjengelig under løpet. Desse vil ta seg runder rundt øya. 

Vi ber bilistane om å vise særskild omsyn denne dagen når mange store og små er ute og syklar.

GOD TUR! smiley

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift