Trenarkurs på Sandane

Torsdag 17/8 og torsdag 24/8 vert delkurs 4 i C-trenarstigen arrangert på Sandane. Kurset er svært aktuelt for trenarar i ungdomsfotballen, men er relevant for alle trenarar.

Kursarrangør er Sogn og Fjordane fotballkrets, med Ingmar Sægrov som instruktør. Kurset foregår i G-bygget/Sandane Idrettspark mellom kl 17 og 21 dei to torsdagane. 

Det er alt registrert mange STIL-trenarar som ønsker å delta på kurset, men det er framleis plass til fleire. Kurset er sjølvsagt også ope for trenarar frå andre klubbar. Påmelding her

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products