IL Skjoldar – Medlemskontingent 2017
Faktura blir sendt ut nå. Den kjem på registrert epostadresse, på SMS eller i posten.
Årsmøte i mars fastsette medlemskontingenten for 2017 til kr. 400,- Leiarar, trenerar, dommerar og støttemedlemmer betaler kr 200,- Det er fastsett familiekontingent til maks kr 1200,-
Alle aktive frå 6 år og oppover betalar i tillegg til medlemskontingenten kr 600,- i aktivitetsavgift. Det vert berre betalt ei aktivitetsavgift sjølv om ein er med på fleire aktivitetar.
To eks: Ein familie med tre aktive barn over 6 år og to vaksne vil betala 1200,- i medlemskontingent + 1800,- i aktivitetsavgift; totalt 3000,- Eller; Ein vaksen ledar og eit aktivt barn på 10 år; 600,- i medlemskontingent + 600,- i aktivtietsavgift, totalt 1200,-.
Familie er foreldre og heimebuande barn under 18 år. Me har forsøkt å samla dei ulike kjernefamiliane ved utsending av faktura men er usikre på om me har fanga opp alle. Dersom me har feil familieopplysningar korriger beløpet og send oss korrekte opplysningar på epost; sorhus.magnar@gmail.com Bruk same epostadresse om det er andre feil ved denne utsendinga eller om du ikkje lenger er aktiv/ønske å vera støttemedlem/familiemedlem.
Trenerar/lagleiarar kan få refundert sin medlemskontingent ved å senda ein epost til okonomi@ilskjoldar.no der ein opplyser namn, verv og kontonummer.
Spelar du på eit samarbeidslag og er medlem i SK Vats94 eller Vikebygd IL skal du ikkje betala kontingent til Skjoldar. Får du likevel faktura frå Il Skjoldar meld frå til oss så korrigerer me dette.
Takk til alle aktive, trenerar, lagleiarar og støttemedlemmer som stiller opp for klubben.
God sommar