Barnetrim Tjørvåg IL

Tjørvåg IL Trimgruppa jobbar med å få til ei Barnetrimgruppe men treng tilbakemelding frå foreldre og intruktør/foreldre som kan ta på seg ei slik gruppe frå hausten. Du finn meir info her og på Facebook.

Barnetrim Tjørvåg IL

Trimgruppa har som mål å auke aktiviteten i TIL. Vi skal vere med å auke folkehelsa å fremje trivsel i nærmiljøet. Vi ønsker å ha eit lavterskel tilbod for den som ynskjer å trene å vere i aktivitet, og eit supplement / alternativ til fotball.

I vinter starta vi med dametrim og vi ønsker no å sjå om det er interesse for å starte opp barnetrim. Foreløpig er dette på planleggingstadiet og for å kome vidare ønsker vi tilbakemelding og interesse frå dykk som har små born.

For dei minste vil det bli ein foreldrebassert aktivitet, dvs ein vaksen må fylgje barnet og hjelpe til. Trimgruppa ser for seg  ei eller to grupper alt etter interesse og kva alder det kan bli aktuelt for.

Vi i Trimgruppa vil vere med å tilrettelegge og få i gong trimmen men vi er avhengig av at nokon er ansvarlig for gruppa og opplegget. Det kan vere 2-3 foreldre som delar på det eller ein instruktør.

Alle som skal delta må vere medlem i Tjørvåg IL. Trimkontingenten er 200,- pr år. Det kan kome på ei treningsavgift i tillegg. Den vert fastsett ut i frå om vi må leige instruktør og evt innkjøp av utstyr. I utgangspunktet vert det på  Stokksund skule men andre alternativ kan bli vurdert.

Vi har fått spørsmål om friidrett/turn. Det er sjølvsagt mulig, men då må vi ha kvalifisert ledar/trenar. Vi ser at  det kan bli vanskelig å få til utan at ein har foreldre som har erfaring eller har tips om trenar vi kan spør. 

Har kika litt på opplegg som andre IL har. (Sjå link) Kanskje dette er noko vi kan starte med, men vi er sjølvsagt open for forslag frå dykk foreldre. http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory.do?id=4205

Vi ber om at alle som er interesserte eller vil vite meir om barnetrim / friidrett legg dykk til Facebookgruppa:  Barnetrim – Tjørvåg IL, Trimgruppa  https://www.facebook.com/groups/1563885537014758/?source=create_flow

evt tilbakemelding på epost: tiltrim@gmail.com

For å kunne jobbe vidare er vi avhengig dykkar tilbakemelding om interesse, aldersgruppe og om du kan vere med å hjelpe til med opplegget. Kjenner du nokon som vi kan spør eller kan tenke seg å vere ledar/instruktør så ta kontakt.

Dette er ikkje noko bindande i fyrste omgang og det er ope for born også utanfor Tjørvåg / Myrvåg. Det vil bli påmelding ved evt oppstart. 

Legg til venner og kjente som kan vere aktuelle og kom med tilbakemelding på gruppa.

Om du ikkje har born men har idear eller kan bidra som instruktør enten det er dametrim eller barnetrim så ta kontakt på epost eller PM.  

Vi vil ut i frå tilbakemelding frå dykk foreldre sjå på om dette er noko vi skal jobbe vidare med.  smiley  

 

For dei som ønsker å vere med på dametrim så har vi ei eiga Facebookgruppe. https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products