Før kampen: Vartdal

Siste seriekampen før sommarpausa tek til, og vi gjestar Vartdal denne onsdagskvelden.

 

Forrige kamp mot Åheim/Stadt blei som sikkert mange merka ikkje spelt, dette grunna Åheim/Stadt sin mangel på spelarar.
Datoane som då var tilgjengelige for dei var diverre ikkje høvelege for oss, pga dette endte det diverre slik at kampen ikkje kjem til å bli spelt - og Tjørvåg fekk ein sokalla «walkover» og dei 3 poenga. Veldig synd då vi hadde gledd oss til å spele denne kampen.

Denne veka ser det iallefall lovandes ut for at kampen vil bli spelt.
Vi reiser dermed til Vartdal for å spele siste seriekampen i vårsesongen, før det blir ei pause fram til 9. august når vi møter Hasundgot igjen.

Vi veit svært lite om årets Vartdal lag, men dei ser ut for å være i ein oppbyggings-prosess på samme måte som oss sjølve.
Laget har i lang tid spelt i 5. divisjon før dei rykte ned i fjor saman med Brattvåg 2, MSIL og Åmdal.

Dei ligg no på plassen foran oss (med andre ord 8 plass) med totalt 8 poeng fordelt på 2 sigrar, 2 uavgjorte og 5 tap.
Vartdal har scora 13 mål meir enn Tjørvåg denne sesongen, men laga har sluppe inn like mange mål (24).
Så her burde det være gode moglegheiter for Tjørvåg å kunne skape noko som kanskje kan resultere i mål.
Det er så lenge som 2 månedar sidan vi sist scora mål, det skjedde i 3-0 sigeren mot Moltustranda den 26. april.
Vi håpar at karane er på hugget frå fyrste blås, til det siste - og kan avslutte vårsesongen med ein god kamp. Ja, kanskje også eit par mål?

Ta gjerne turen til Vartdal denne onsdagskvelden ilag med oss.

 

Kampinfo:
11. serierunde 6. divisjon avd 2, 27. juni 2017
Vartdal - Tjørvåg
Avspark: 18.30
Vartdal stadion
Dommar: Abbas Tamimi (Ørsta IL)

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift