Sagvågsmilo 2017

Søndag 2. juli arrangerer IL Solid Friidrettsgruppa Sagvågsmilo!


Etter mange år i dvale er no IL Solid si friidrettsgruppe aktiv igjen!

Dette markerar me med å vekka Sagvågsmilo frå sin dvale.
Søndag 2. juli går starten på "nye" Sagvågsmilo
Det blir to klassar, tru for dei som ikkje ynskjer tidtaking og trim for dei som ynskjer tid.
Turklassen har start mellom 12.00 og 13.00
 
Me set pris på om flest mulig melder seg på elektronisk på følgande link:
https://www.superinvite.no/#/invitation/aac61539fd1fb209b44b9f9d0d8d28ac


Traseen er stort sett den samme som tildligare, med endra start og mål....

Løypa starter øverst i Sagvågsbrekko og tar turen nedom kaien i Sagvåg før den svingar rundt Sagvåg Senter og Sagvåg YX.
Vidare går løypa på sykkel-/gangsti gjennom Sagvågsvingen, bort til den nye fotgjengarovergangen ved Blåbygget.
Løypa fortset oppover Banevegen og kjem ut i Nysætervegen, fortset forbi Samfunnshuset. Ved Vaskeriplanet tar løypa ei lita ekstra sløyfe (for at me skal komma opp i 10 km) før den fortset innover i Hustrudalen.
Like før crossbanen svingar løypa opp den bratte vegen til Solid-banen. Vidare går løypa langs Utslettevegen forbi Hamrane og Rindane ned til me møter Fitjarvegen.
Her kan dei som deltek i turklassen svinga til venstre mot der gamle Sagvåg skule låg, der dei kjem til å komma inn på løypa trimklassen spring.
Trimklassen svingar til høgre og ned i undergangen under Fitjarvegen, følger gang-/sykkelveg forbi Sagvåg skule og tar inn Vikanesvegen.
Løypa fortset langs Vikanesvegen som er smal og uoversiktig så vær oppmerksom her! På toppen ved Vikaneskleivo går løypa inn på gang-/sykkelveg på venstre sida og følger den heilt til toppen av bakken ved gamle Sagvåg skule. Her må vegen kryssast, det vil stå løypevakt her.
Vidare går løypa på gang-/sykkelveg tilbake via Buneset til Sagvågsvingen, rundt Sagvåg YX og ned til kaien før det er mulighetar for ein bakkespurt opp til mål i Sagvågsbrekko!

Samarbeidspartnere

Støtt ILSolid

Her er link til Idrettsfrukt

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift