3-0 tap borte mot eit ubesigra Åmdal-lag

På onsdag reiste vi inn i Åmdalen for å møte laget som enda har til gode å tape i år.


Eit bilete frå arkivet når Tjørvåg møtte Åmdal tilbake i 2012. Kampen enda heile 8-1 til heimelaget.

 

Kampfakta:
9. serierunde 6. divisjon avd 2, 14. juni 2017
Åmdal - Tjørvåg 3-0 (1-0)
Avspark: 18.30 
Legene gras
Dommar: Birger Elias Breivik (Volda TI)

 

Det var eit sterkt redusert (nok ein gong) Tjørvåg-lag som tok turen inn til Åmdalen denne onsdagskvelden.

Fleire fråfall kom også iløpet av dagen dessverre, og vi var derfor nødt til å stille med ein utespelar i mål.
Mark Anthony Solvåg som har gjort comeback i Tjørvågdrakta stilte sporty opp for laget, og tok utfordringa på strak arm.

Vi viste at vi kom til å måtte spele ein defansiv kamp der vi heller måtte prøve å ta det roleg i starten, for så å kanskje kome litt meir inn i kampen. Ikkje være redde for å prøve, såvel som å jobbe for kvarandre. Etter ein litt «shaky» start så tok kvar enkelt spelar tak og etterkvart haldt vi det ubesigra heimelaget i sjakk. 

Åmdal hadde selfølgeleg mykje ball, og dei hadde 6-7 sjansar som rista tverrleggaren på begge sidene av bana - i kampen sine to omgongar.
Dei «brente» også to ganske klare målsjansar, men utover dette så kjempa dei raudkledde gjestane frå Tjørvåg ein knallhard kamp, og stoppa det meste med rimeleg god kontroll.

Utan å repitere oss for mykje, så slepp vi inn nokså enkle mål i denne kampen også. Dessverre.
Iallefall to av måla kunne vore avverga før det blei mål, men alt i alt så kunne liksågreit skudda i tverrleggaren ha enda i nota - så vi er høveleg fornøgde sånn kampen enda.

Vi veit heller ikkje kva Åmdal tenkte før kampen, men når det gikk ei stund og dei ikkje scora mål - så velger vi å tru dei blei litt overraska over måten vi stod fram i kampen på. Spesielt med tanke på våra resultat i kampane før denne kvelden. 
Uansett så kjempar vi godt, og vi må seie oss fornøgde med å tette godt bakover, såvel som at vi prøvar å spele oss framover på bana. 
Noko vi til tider gjorde meget bra, og Andreas Vatne var ikkje langt unna å skaffe oss ei redusering. Dessverre for oss så fekk Åmdal sin sisteskanse avverga avslutninga såvidt.
Med litt meir marginar på vår side foran mål, så kunne vi fort scora både eit og to mål, så laget å samtlege spelarar kan være stolte av det vi viser i denne kampen - og det med berre ein innbyttar.

Til neste kamp håpar vi på å ha fleire tilbake frå både sjø og skade.
Kjekt å sjå vi hadde god støtte heimafrå!

Vi takkar Åmdal for kampen og flott oppvarting med dette bilete:

Synd at så få lag gjer dette i avdelinga vår. 



Åmdal si grasbane var det heller ikkje noko å utsette på, sjølv om våre bein heller foretrekk det kunstige graset.

The End

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Før kampen:

Etter ein god start på sesongen menne fort skuddet til Remi Vattøy od 4 poeng på to kampar, så har det verkeleg stoppa opp for Tjørvåg sitt A-lag denne sesongen.

Laget har tapt sine fem siste kampar og har ein målforskjell på 20-0 foran denne kampen her.
Noko som ikkje lovar særs godt når vi denne kvelden møtar laget i toppen av tabellen, nemmleg Åmdal.

Heldigvis så har verken statistikk, eller tidlegare resultat noko å seie når kampen spelast - og vi har stor tru på at laget vil reise seg etter desse sure tapa den siste måneden.

Åmdal ligg som sagt på toppen av tabellen der dei er ubesigra hittil i sesongen. Laget har sanka inn 19 av totalt 21 poeng, og har berre tapt poeng i uavgjortkampen mot rivalen Sæbø forrige onsdag.
Dermed kan vi garantere at Tjørvåg er soleklare «underdogs» i denne kampen her, men større overraskingar har skjedd tidlegare, så her er det berre for karane å gi alt og forsøke å rette opp inntrykket no i slutten av vårsesongen. 
For vi kan så mykje betre enn vi har vist dei siste kampane, og det er nettopp i slike kampar det er ekstra gøy å kunne sjokkere motstandaren.

Ta gjerne turen ilag med oss til Åmdal denne kvelden. 
Kampen blir og spelt på naturgress, så det blir definitivt eit vanskeleg og god utfordring for dette Tjørvåg-laget.

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products