Karttavler Turstiprosjektet

Då er vi i gong med å sette opp tavler med kart på dei ulike stistartane

KARTTAVLER

Etter ei lita pause er vi i gong med å få på plass dei siste skilta og sette opp karttavler. Vi håper å få på plass dei fleste iløpet av sommaren. 

Det er 3 ulike tavler. Ei for Rambjøra, ei for Myrvåg til og med Nonshornet/Sollia og ei for Tjørvåg. Alle stiane er nummererte og ein finn info om turlengde og gradering av turen.

Alle tavlene har avmerka (P) der det er høvelig å parkere. Vi veit at nokre stadar vert det parkert på veg og private avskjørsler. Ber om at parkering på privat eigendom vert gjort minst mogleg, og i alle fall etter avtale med dei som bur der. Det same er parkering langs veg.  Pass på at de ikkje er til hinder for trafikken og det er passasje for større kjøretøy/brannbil.

Vi har fått spørsmål om kart. Vi har pr idag ikkje turkart, men vi har laga eit kart som kvar enkelt kan laste ned og printe ut. Det finn du på TRIM sia her http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948493934 

Det er lagt ut lamminerte kart i kassene, men diverre så er nokre av dei vekk. Ber om at de ikkje tek med desse karta. Treng du kart så ta kontakt eller finn kartet på linken over og print ut. 

 

Vi har sett opp 5 tavler til no. Øyrahornet, Dyrkyrkja (Myrvåg) og 3 i Djuvika (Rjåhornet / Huldrehornet)

Du kan no bli støttemedlem til Trimgruppa/Turstiprosjektet

Ved å støtte trimgruppa bidrar du til dette prosjektet og vi kan fortsette arbeidet vårt. Det er heile tida behov for oppgradering og vedlikehald. Nye ruter vert også vurdert. Om du vil bli støttemedlem kan du betale inn 200,- eller meir til konto 3910 49 85142, Tjørvåg IL, Trimgruppa. Husk å merke innbetalinga med namn og støttemedlem.

 

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift