Før kampen: Hødd 3

Dags for ny heimekamp, og det er Hødd 3 som vil stå på motsatt banehalvdel denne onsdagskvelden.

 

Ny veke og det betyr ny seriekamp, og den må ikkje bli ei ny reprise av forrige kamp.

Denne onsdagskvelden er det dei blå frå Hødd 3 som inntar Tjørvåg stadion til dyst om dei 3 særdeles viktige poenga.
Hødd 3 har sanka inn totalt 10 poeng fordelt på 3 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap - dette gjer at laget ligg på ein foreløpig 6. plass.

Vi veit svært lite om dette Hødd laget, men ifylge våre speidarar så har dei mange unge og lovande spelarar - som verkar gira på å ta stega og gå gradene i klubben.
Det eksisterar mykje kondisjon og hurtigheit i dette unge laget, noko fleira av oss litt eldre (tenkjer då på underteikna) såvidt kan minnast frå yngre dagar, og ikkje minst så er det eit godt teknisk lag. Såvel som der har nok ein stor tropp med mange spelarar å velge mellom, så dei kjem nok til å kunne bytte ein heil del.
Utover dette så veit vi svært lite, og må uansett forbrede oss på ein lang og tøff kamp der laget som vil mest heilt klart kjem til å ta dei viktige poenga.

Tjørvåg på si side har åpna sesongen til dels skuffande, sjølv om vi er i ein oppbyggingsprosess som vil ta tid - så kan vi ikkje legge skjul på at vi er skuffa over å ikkje prestert betre i enkelte kampar. Så at laget har mykje å framleis jobbe med er vi alle utvilsomt klar over, og samspelet kjem seg gradvis. 
Dei siste 2-3 kampane har vi også hatt heile 6 spelarar skadde, og fleire med småskader, samt sjøfolk som har vært bortreist. Dermed er det ekstra godt å no sjå at stallen har betra seg veldig siste veka.

Vi håpar derfor at dette blir ein kamp vi løftar oss, og har fått luka vekk desse unødvendige og farlige feilpasningane, som har straffa oss mykje denne sesongen.
Laget er også nødt til å jobbe betre på andreball, og trykke meir til i duellane samt å bli røffare fysisk.Vi gledar oss iallefall, og er ved godt mot!

 

Håpar at så mange som mogleg tek turen og støttar oss denne onsdagskvelden.
Vel møtt!

 

Kampinfo:
8. serierunde 6. divisjon avd 2, 7. juni 2017
Tjørvåg - Hødd 3
Avspark: 19.00
Tjørvåg stadion
Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg (Hasundgot IL)


Andre kampar i 6. divisjon avd 2 denne onsdagen er: 

Hasundgot - Vartdal
Sæbø - Åmdal 
Bergsøy 2 - GjerdsvikaLGFK

Om vi skal tippe resultat så har vi trua på at det blir heimesiger i alle desse kampane.
Så spørst det om det vil stemme, samt om Tjørvåg også kan kapre ein god heimesiger denne kvelden (!).
Time will tell..

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products